Ault, anno 2003

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
2003 er over oss, og det er igjen tid for å setje seg ned
og gjere opp status. Kva er studentane sin situasjon i Noreg
i dag? Korleis har vi det? Kva kan vi gjere for eventuelt
å få det betre?
La oss ta det fyrste fyrst: Studentane er den einaste gruppa
i samfunnet som frivilleg tek på seg å leve for ein årleg
sum pengar som i dag ligg under FN si fattigdomsgrense. Store
delar av denne summen er i tillegg gjeld, som vi skal slite
med å betale attende halve vårt yrkesaktive liv - forutsett
at vi får jobb sjølvsagt. Samstundes gjeng venene våre frå
ungdomsskulen, som valde yrkesfagleg linje, rundt som til
dømes rørleggarar, og tener dobbelt så mykje som det ein lektor
med opprykk nokonsinne kan forvente. Trass i dette er altså
mange av oss studentar villege til å pine oss gjennom opp
til sju år for eiga rekning, i nedslitne lokale og med gammalt
materiell. Og dessutan arbeidstider som ville fått Arbeidstilsynet
til å utlyse lynsjings-vedtak. Alt dette går vi gjennom, berre
for at vi ein dag skal få skrive til dømes «Læge» eller «Advokat»
bak namnet vårt i telefonkatalogen. Og dei fleste gjer det
faktisk utan å mukke.
Kvifor mukkar vi eigentleg ikkje meir? Finnes det plausible
argument for at studentar skal ha det materielt dårlegare
enn andre folk i samfunnet? Eit argument som har vorte brukt,
er at vi kjem til å tene så mykje betre enn andre folk når
vi er ferdigutdanna. Men dette fell på si eiga urimelegheit,
sidan alle veit at det er handverkarane som er den nye lønnsadelen
i Noreg i dag. Noko anna, som ikkje er eit godt argument men
snarare ei fastgrodd innstilling hjå folk, er at studentar
bør ha det dårlegare enn andre fordi studentar alltid har
hatt det dårleg. Slik har det vore sidan Hamsun gjekk rundt
i Oslos gater og hallusinerte av matmangel. Men på Hamsun
si tid var det også vanleg at arbeiderfamilier budde med sju
ungar, på to rom og kjøken i trekkfulle bygardar med utedo.
Slik er det ikkje lenger, verda har gått framover sidan den
gong. Kvifor skal ikkje ein student ha råd til å ha sin eigen
bil eller bygge seg hus - reint objektivt sett?
Så kva høve har vi studentane til å gjere noko for å få vår
del av kaka? Den reelle makta til studentane er ytterst sparsom,
om ein då ikkje tyr til sabotasje og denslags. Vi kan streike,
men det vert uansett berre ei symbolhandling som kun gjeng
ut over oss sjølve. Vi kan gå i demonstrasjonstog, og kanskje
få litt pressedekning. Då vil nok politikarane stille opp,
smile svett inn i kameralinsene og seie at dei tykkjer det
er viktig å satse på utdanning. Men så går valgtider over
i budsjett-tider. Då forsvinn brått alle bevillingane til
høgare utdaning, nytt studentsenter, høgare stipendandel og
alle dei andre sakene som studentpolitikarane trudde dei hadde
kjempa fram det siste året. Det skjer fordi oljearbeiarar,
heismontørar, politikonstablar og andre med nedbetalt huslån,
set makt bak krava sine og vil ha vår del av kaka.
Så eigentleg kan vi berre lene oss attende, og vente på
den dagen då Noregs begava ungdom ikkje lenger gidd å ta høgare
utdanning. Og kvifor skulle dei eigentleg det? Med lektorlønn
og studielån har dei ikkje ein gong råd til å betale rørleggarrekninga.
Dedikasjon: Årest fyrste nummer av Studvest ynskjer vi å
tileigne våre vener Bjarte Brandal og Kristian Aas.
22.01.03
|