Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21
Telefaks:
55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 22. januar 2003, nr. 1 - 58. årgang

Historisk stryk

Nær halvparten av grunnfagsstudentane på historie strauk på eksamen til jul. No reagerer studentar på det dei karakteriserer som dårlege førelesingar og snevre eksamensoppgåver.

Tek sjølvkritikk: Christian Meyer ved Historiske institutt vedgår at informasjonen kan bli betre, men etterlyser samstundes betre arbeidsinnsats hjå studentane.
Tekst: Vidar Gudvangen
Foto: Skjalg Ekeland

– Eg har vore på førelesingane, kollokvier, levert mappeoppgåver og ikkje minst lest mykje. Det seier Jon Spence, ein av mange som strauk til eksamen i historie. Han meiner han har arbeidd så mykje som ein kan forvente, og legg dårlege førelesingar og marginale eksamensoppgåver til grunn for stryk-raset. I delfaget HIS101, som er eit oversiktstudie i eldre historie, er strykprosenten på 44,2 prosent. Av dei som stod på eksamen, har 31,3 prosent oppnådd karakterar mellom 3,0 og 3,9.
– Vi er overraska over den høge strykprosenten, men fekk utover haustsemesteret mistanke om at ein del studentar kom til å møte veggen. Det seier professor Christian Meyer, leiar i undervisningskomitéen ved historisk institutt.

Lukka og arrogant
Spence meiner særleg dei eldre førelesarane kan verke umotiverte.
– I eitt tilfelle kom det faktisk til krangel mellom førelesar og studentar, fortel Spence. Studentane skal ha anklaga førelesaren for å gå langt utanom pensum. Meyer stadfestar ovanfor Studvest at instituttet frå fagutvalet har motteke formell klage på ein førelesar.
– Vi har òg fått klage på eksamen frå ein student. Klagene vil verte handsama i tråd med gjeldande regelverk internt ved instituttet, seier Meyer. Historiestudenten reagerer også på at ei av eksamensoppgåvene berre var omfatta av ei enkel førelesing og 20 sider i pensum. No fryktar Spence at mange tar skrekken og hoppar av studiet.
– Eg vil understreke at dette ikkje er meint å vere ein hevneaksjon frå mi side, men eg oppfattar historisk institutt, med nokre unntak, som ein lukka og arrogant institusjon, avsluttar Spence.

Tek sjølvkritikk
Historie grunnfag vart i haust lagt om i tråd med innføringa av kvalitetsreforma. Meyer legg ikkje skjul på at dei har møtt utfordringar. Instituttet tek sjølvkritikk for dårleg informasjon kring innføringa av reforma. Den nye modulen krev ei langt større arbeidsmengde frå studentane. Medan ein tidlegare kunne «gamble» på eksamensoppgåvene, er dei nye eksamenane meir finmaska. Meyer meiner studentkulturen er ei av årsakene til den høge srtykprosenten.
– Når eg føreles frå klokka åtte om morgonen uteblir ein tredel. Mange studentar tek ikkje studia alvorleg nok, meiner Meyer. Han er derimot optimistisk med tanke på vårsemesteret.
– Dersom kvalitetsreforma skal fungere, må strykprosenten ned. Instituttet leverer langt fleire førelesingar enn tidlegare, reforma gjev betre oppfølging av studentane, og innføringa av mappeoppgåver har vore vellukka, seier Meyer.


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6 7

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18