Humanitær hauk
– Det finst rettferdig krig, seier Lars Gule, generalsekretær
i Human-Etisk Forbund, kjend for å ha prøvd å ta seg inn i
Israel med sprengstoff på kroppen for snart ein mannsalder
sidan. No med ein rykande fersk dr.art-tittel frå Universitet
i Bergen.
 |
Det er laurdag føremiddag på biblioteket i Hotell Norge,
dagen etter disputasen på Sydneshaugen. På bordet framfor
oss ligg ei doktorgradsavhandling på over 500 sider, med den
lange tittelen «Social development and political progress
in two traditions. A conceptual and Comparative Analysis of
Western and Arab-Islamic Ideas of Social and Political Change
and Improvement». Bak boka sit Lars Gule. Han har fortalt
oss om avhandlinga, som for ein stor del handlar om utvikling.
Ser ein i vestleg tradisjon annleis på utvikling enn i ein
arabisk-islamsk tradisjon? Korleis ser vi på menneskerettar
og demokrati i dei to tradisjonane? Kva ligg eigentleg i omgrepet
utvikling?
– «Alle», både i vestleg og arabisk-islamsk tradisjon - ønskjer
i dag utvikling, meiner Gule.
– Men av di omgrepet er så uklart og normativt kan ein legge
kva ein vil i det, og då vert utviklingsmåla også politiske.
Slike mål kan det verte usemje og konfliktar om, forklarer
han, og peikar på viktigheita av å få avklara kva som ligg
i omgrepet. Sjølv tek han til orde for at ein bør utvide det
flate målet om økonomisk vekst, og heller nytte auka respekt
for menneskerettar og utvida demokrati som indikator for utvikling.
Framstegsoptimist
– Eg trur tanken om menneskerettar har ein eigen logikk. Så
fort han har vorte planta ein stad er han ustoppeleg, seier
Gule. Han forklarer at slik han ser det heng utviklinga av
menneskerettar på den eine sida saman med samfunnsmessige
behov for å legitimere staten sitt styre. Då er det naudsynt
å ta høgde for ein del av individa sine behov og interesser,
som i mangt og mykje kan utrykkast som menneskerettar. Men
i tillegg til dette meiner framstegsoptimisten Gule at tanken
om menneskerettar er noko som kan vandre frå medvit til medvit,
frå hovud til hovud, og verte utvikla i seg sjølv. Vert ideane
internaliserte i mange nok medvit, vert dei ei samfunnsmessig
kraft som kan tvinge fram realisering av fleire menneskerettar
enn ein hadde frå før.
– Om vi frå vår ståstad ser attende på historia er det ikkje
ei urimeleg tolking at vi har hatt ei kontinuerleg utviding
og fordjuping av menneskerettar og demokrati, seier Gule,
men legg til at dette ikkje er tale om ei enkel, rettlina
auke.
– Det går i rykk og napp, med fleire tilbakesteg. Dei verste
har vi nok hatt i Vesten med nazismen og stalinismen. I mange
delar av verda slit ein framleis med autoritære og totalitære
diktatur, som til dømes i Irak, slår han fast, og stemma legg
seg straks i eit engasjert toneleie.
Demonstrerer
Vi spør korleis han ser på Irak-konflikten. Den ferske doktoren,
som hittil har site roleg attendelena i sofaen med korslagde
armar, kjem heilt fram på kanten.
– Vi har eit diktatur på den eine sida, og ei imperialistisk
supermakt på den andre sida, og presterer å kalle det ei kulturkonflikt,
seier han, og meiner det er feil å hevde at ein mellom arabisk-islamske
land og Vesten har ei uoverkomeleg og uløyseleg konflikt av
denne typen.
– Fokusering på kulturmotsetningane vert ein sjølvoppfyllande
profeti. Grunnen til at mange trur det er ein kulturkonflikt
heng saman med at det, på den eine sida i hovudsak er muslimar
frå land i den tredje verda, medan det på den andre er mest
kristne, i eit meir «moderne» vestleg land. Når partane medvite
spelar på desse kultur- og religionsskilnadane er det for
å mobilisere eiga befolkning og allierte. Dette er farleg
av di det gir konflikten eit vidare og djupare omfang, meiner
Gule.
– Men når det ikkje er ei kulturkonflikt, kva er det då?
– Ei klassisk makt- og interessekonflikt. Saddam freistar
auke makta si i regionen, mellom anna ved å sikre kontroll
over oljeprisar, og trur han kan bli viktig i verda gjennom
ein slik politikk. Masseøydeleggingsvåpen oppfattar han som
eit særs viktig middel for å nå måla sine. USA, særleg med
den noverande leiinga, ser desse «interessene» og ambisjonane
som trugsmål mot den amerikanske dominansen i Midtausten og
jamn oljeflyt til låge prisar.
– USA har ein uvanleg arrogant måte å sjå interessene sine
på. Kva hadde skjedd om vi gjorde krav på å markere våre interesser
på det amerikanske kontinentet slik dei gjer i denne situasjonen?
At Saddam Hussein utgjer ein trugsel mot USA sine moralske
legitime og relevante interesser er sludder. Motiva for ein
krig er heilt galne, slår Gule fast.
Rettferdig krig
Utanfor hotellet skal Torgallmenningen om få timar fyllast
av demonstrantar. Gule har tenkt å ta del, men presiserer
at det ikkje er som naiv antikrigsmotstandar. Han er humanitær
hauk, seier han. Sjølv om han legg stor vekt på dialog, er
han heilt klar på at det finst situasjonar der makt er einaste
middel. Han støttar humanitær intervensjon.
– Som generalsekretær i Human-Etisk Forbund burde eg vel strengt
teke ikkje seie dette, men den mellomalderske katolske kyrkja
sin tanke om rettferdig krig, har mykje for seg. Irak er vår
tids mest brutale regime. Ein valdeleg aksjon for å styrte
Saddam Hussein er berettiga. Men no skjer det på feil premissar.
Cowboyinspirert president
Fleire kriterium må ligge til grunn før ein kan kalle ein
krig rettferdig, presiserer Gule. Han opererer med eit utvida
forsvarsomgrep, der det å verne menneske mot overgrep fell
innunder dette. For at ein militær aksjon mot Irak skal vere
rettferdig, må motivet hovudsakleg vere å gjere tilhøva betre
for den irakiske befolkninga, meiner han. Og då ikkje berre
på lang sikt, men òg på kort sikt. Berre FN har, slik Gule
ser det, legitimitet til å sette i gong dette. Ein slik krig
må utførast med proporsjonale middel. Det vil vere meiningslaust
å bombe landet attende til steinalderen.
– Rettferdig krig inneber altså at ein ikkje gjer meir skade
enn naudsynt. Det er all grunn til å mistenke amerikanarane
sin krigspolitikk for å ikkje oppfylle desse krava, legg han
tørt til, og har lite til overs for det han kallar ein «triggerhappy»
og cowboyinspirert amerikansk president. Samarbeid mellom
al-Qauida og Saddam Hussein avviser han tvert.
- Om to kjeltringar handlar i same butikk betyr ikkje det
at dei har med kvarandre å gjere. CIA og FBI har leita etter
ein link mellom desse i lang tid utan å finne noko viktig.
Konstellasjonen er då òg heilt ulogisk. På den eine sida står
ein diktator som let andre kjempa for nasjonen sine - i røynda
Saddams eigne - interesser, som inntil nyleg har leia eit
sekulært regime, på den andre sida har vi Osama bin Laden,
ein puritansk-fundamentalistisk religiøs fantast og terrorist.
800 gram Sprengstoff
Religiøs fantast er det vel neppe nokon som har kalla humanetikaren
Gule, men terrorist er ei nemning som har vorte nytta. Som
22-åring vart han arrestert på flyplassen i Beirut med 800
gram sprengstoff på seg. Året var 1977 og sympatien låg hjå
«Den demokratiske fronten for Palestinas frigjøring». Han
har seinare teke avstand frå handlinga.
– Er det rett å kalle deg terrorist?
– Nei. For det første kom eg, som alle veit, aldri så langt
at eg fekk brukt sprengstoffet til noko. For det andre er
terrorisme per definisjon eit angrep på tilfeldige og uskuldige
menneske med den intensjonen å spreie frykt. Motivet mitt
den gongen, og det målet eg eventuelt hadde valt, ville ikkje
vore terroristisk, forsikrar Gule. Han fortel at både ein
undergang i Tel-Aviv, eit bustadfelt og eit hotell i Jerusalem
som vart nytta av israelske etterretningsfolk, var foreslått
for han som mål.
– Dei to førstnemnde var heilt uaktuelle. Det ville ha vore
terrorhandlingar. Når det gjeld hotellet hadde ikkje «mine»
palestinarar sikre nok informasjonar om når og kvar etterretningsfolka
oppheldt seg på hotellet, til at det kunne forsvarast, seier
Gule, og fortel at han den gongen var innstilt på å gjennomføre
ein symbolsk aksjon.
– Om eg hadde reist i det heile. Det var ikkje bestemt det
heller. Men eg hadde vel freista gjere noko i sympati med
palestinarane, som i 1977 var i krig med israelarane, og framleis
er det, legg han til.
Å forstå terrorisme
Når vi spør om terrorisme kan forsvarast er svaret kontant.
– Nei. Uansett korleis ein snur og vender på det, er terrorisme
moralsk forkasteleg og aldri berettiga. Men dette betyr ikkje
at vi ikkje kan prøve å forstå terrorisme. Å la vere å gjere
ei analyse av fenomenet er også moralsk forkasteleg. Om vi
verkeleg visste for ein situasjon palestinarane lever i, hadde
ikkje spørsmålet vi stiller oss vore kvifor palestinske ungdomar
vert sjølvmordsbombarar, men kvifor ikkje fleire av dei vert
det. Okkupasjonen av Palestina er terrorismeavlande. Ariel
Sharon er moralsk medansvarleg for terroren når han ikkje
trekkjer seg attende. Å skulde på ein Yassir Arafat i husarrest
er fullstendig meiningslaust, seier ein gestikulerande Gule.
Han er engasjert på mange felt, og i den nyleg avlagde doktoravhandlinga
er det fleire spørsmål og anslag han kunne tenkje seg å jobbe
vidare med.
– Særleg spørsmål knytte til menneskerettane, forsvaret og
grunngjevinga for dei hadde vore interessant å sjå meir på,
seier han, og håper på sikt å kome attende til forskinga.
Men først skal Lars Gule, sjølverklært humanitær hauk og tidlegare
redaktør i Studvest, sitte tre år til som generalsekretær
i Human-Etisk Forbund.
– Ja, vi får sjå etter den tid, smiler han.
19.02.03
|