Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 19. februar 2003, nr. 5 - 58. årgang

What goes around, comes around

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Vi har for lengst forstått at hovudmotivet til styresmaktene i USA etter 11. september er det primitive behovet for hemn. Dette er på ein måte merkeleg, sidan USA skulle ha meir enn nok erfaring, frå alle sine krigar, til å leve seg inn i dette vesle stykket basal menneskeleg psyke; at folk som har alt å tape vil halde fram med å slost til siste mann fell. Vietnamkrigen er skuleeksempelet på det. Men diverre er det ikje særleg overraskande, sidan hemn alltid har vore eit viktig element i USA sin modus operandi.

Det handlar om eit så grunnleggande handlingsmønster at det kan illustrerast med følgande døme: Om ein tenkjer seg attende til maktforholda i skulegarden på barneskulen, så er USA den råsterke bølla du hadde i klassen. Ein tidleg utvikla gut med store musklar og sterkt begrensa evne til å ta korreksjon, og som banka opp klassekameratane på regulær basis. Han er ikkje nødvendigvis dum, men han har aldri vore nøydd til å løyse konfliktar ved bruk av andre metoder enn fysisk vald. Dersom nokon spelar på lag med han står han sterkare, men det er eigentleg eit feitt, for han får det som han vil uansett. Men bølla vil aldri gå trygg nokon stad, for så lenge han lever vil dei små offera for terroren hans drøyme om ein dag å få hemn. Å gi han ein i trynet så han blør og ropar på mor.

No står vi og ser på at USA nok ein gong følgjer denne gamle oppskrifta om valdeleg overmakt. Sjølv om det nærast er ei naturlov at «fundamentalistane», som vi i Vesten likar å kalle dei, vil auke i antal under eit slikt angrep. Vi har forlengst forstått at dei vil bruke FN som sin personlege marionett så lenge det passar dei, og gå sine eigne vegar om FN ikkje lenger vil vere med å leike. Den irakiske journalisten og forfattaren Walid al-Kubaisi sa følgande i eit intervju med Klassekampen på laurdag: «Saddam er ei bølle, akkurat som Bush. Han er ein mann som kan spele ei helterolle i ein krig, men han er utan evner til å møte dei politiske og økonomiske utfordringane som melder seg i fredstid. No er Saddam Hussein svak, folket lever i konstant frykt og dei militære er utan kampvilje. Utan ein ytre motstandar vil han falle innan eit halvt år.»

Det ser ut som om USA er ute av stand til å tenkje i desse baner. Den freden dei eventuelt vil oppnå med ein krig er ikkje basert på einigheit, men på terror. Det er ikkje berre i Bagdad at innbyggarane i desse dagar går rundt med nervane utanpå. Ikkje mange vestlege samfunn er så gjennomsyra av frykt som USA. I New York granskar helseinspektørar fruktdiskar og melkekartongar, og bevæpna politi stansar utanbys bilistar for avhøyr. Og livredde kundar tømer butikkane for hermetikk og batteri, og isolasjonsteip til å forsegle ventilar og vinduskarmar.

Likevel trur USA dei kan tvinge verda til å danse etter si pipe, utan at det vil få tilbakevirkande effekt. Dei forskremte borgarane i USA vil vere endå reddare og erklære endå meir støtte til haukereiret i Washington, og dermed har vi den gamle runddansen. «What goes around comes around.» Eller på godt norsk: Alt du gjer vil før eller sidan slå tilbake på deg sjølv.

19.02.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18