Dø Grieg, dø!

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
Sist eg hadde besøk av ein utanbys kamerat tenkte vi at vi
skulle ta ein tur med Ulriksbana. På vår ferd mot toppen,
vart vi stengde inne i eit lite glasbur der nokon sidan sist
hadde funne det opportunt å installere høgtalaranlegget sitt.
Ein kasettspelar erklærte skingrande Norge for fantastisk
vakkert på fire språk, akkompagnert av Griegs klavermusikk
over ein sprakande høgtalar. Saman med oss i gondolen stod
to unge, engelske turistar. Stemma på kasetten rølte så uhemma
over alt det fortreffeleg norske, at heile situasjonen hamna
langt over grensa for det pinlege. Og eg kan med min beste
vilje ikkje forstå kva som var hensikta med å øydelegge denne
stille, svevande turen over Ulrikens solvarme lyngbakkar og
lystig summande insekt, på denne måten.
Det pågår for tida ein internasjonal debatt om korleis ein
kan bygge nasjonar som merkevarer for å hjelpe dei å marknadsføre
seg internasjonalt. I det høvet har Utenriksdepartementet
her til gards hyra inn Mark Leonard, som tidlegare har sett
merke etter seg i Storbritannia, som leiar for Tony Blairs
prosjekt Rebranding Britain. Han er svært kritisk til den
norske bruken av utdaterte ikon som Munch, Nansen og Amundsen.
Og det er knapt eit land som i så stor grad som Norge brukar
gamle ikon og daude folk som attraksjonar. Når norske ambassader
sender ut gåver til sine kontakter vel dei noko dei trur er
typisk norsk; cdar av Grieg og kreative lusekofter frå Oleana.
Men kvifor gjer dei det? Norge er ingen nasjon av bunadskledde
setesdalsbønder. Norge er objektiv fredsmekling, kreativ handel
og rein natur. Norge er progressiv populærmusikk og gigantoman
offshore-høgteknologi som verda knapt har sett maken til.
Det er ingen som tvilar på at Norge er vakkert og Ibsen er
bra litteratur. Men dei færraste reiser til Sverige for å
sjå på smörgåsbord og lese Strindberg. Amundsen var første
mann på Sydpolen - og kva så? Röyksopp, og mange andre norske
artistar, er populære over heile verda og gir eit moderne
inntrykk, men ikkje så mange har fått med seg at det er norsk.
I motsetnad til Norge har Finland forlengst forstått at sauna
og sprit ikkje er cutting edge når ein skal profilere seg,
og har i staden lukkast i å framstå som eit moderne, høgteknologisk
og kunstnerisk bevisst land.
Det er på det reine at Norge bør drive meir bevisst merkevarebygging.
Norge sin tradisjon som fredsmeklar kan gjere at Norge vert
lytta til i internasjonal samanheng, og såleis verte ein maktfaktor
å rekne med. Det er mange som gjerne vil handle og investere
i eit land med eit slikt image. Særleg for mange multinasjonale
selskap er det attraktivt å bli sett i samband med berekraftig
utvikling, fredsarbeid og reint miljø.
For det er ikkje tilfeldig for kundane kvar ting er laga
og kva image produsentlandet har. Folk vil heller ha skinke
frå Spania enn frå Polen, og dei vil heller ha elektronikk
frå Japan enn frå Kina. I dag er det berre dei færraste som
forbind Norge med noko som helst. I motsetnad til Storbritannia
vil det vere betre for Norge å bygge eit merkenamn frå grunnen
av, i staden for å prøve å endre ein gamal stereotyp. Men
då må ein slutte å bruke utdaterte heltar, og våge å satse
på eit moderne uttrykk.
30.04.03
|