Velje og vrake
Om tre veker skulle eg gått inn på rådhuset i Bergen kommune,
sagt hei, plukka ut ei liste med kandidatar til bystyret og
putta lista i ei stemmeurne. Slik det gjerne er kjekt å gjere
for å få eit aldri så lite snev av innflyting på plassen eg
bur. Slik eg har gjort nokre gongar før. Og som student hadde
eg nok vald partiet med best studentpolitikk.
Men nei, jammen skal eg ikkje velje i Bergen. Tvert om, eg
skal luske bort til folkebiblioteket, og spørre pent om å
få førehandsstemme i ein av dei mindre kommunane i Sogn og
Fjordane. Og i staden for at eg får sagt noko om bustadbygging
på Nygårdstangen, kan eg stemme på eit fiskeoppdrettsvennleg
parti i Bremanger kommune. Mitt hjarte kunne ha fryda seg
over mindre, men nei, eg bur ikkje i Bremanger kommune. Eg
veit like lite om fiskeavl på Bremangerlandet som eg veit
om automatvåpen og lag som spelar i curling-ligaen.
Folkeregisteret er nøkkelen - eg kunne ha meldt flytting
til Bergen. Det er det same som å miste reisestipend og forsikring,
og i grunn er det ting eg gjerne vil halde fram med å ha.
Svært få av studentane i Bergen stemmer i Bergen. Studentane
kunne ha vore ein maktfaktor, men vi er det ikkje. Og det
til trass for at det er over 25.000 av oss ved lærestadane,
like mange som bur i Fyllingsdalen bydel. Tenk deg ein heil
Fyllingsdal brått engasjerte i studentpolitikk. Tenk deg Anne-Grete
Strøm-Erichsen og Herman Friele hengande utanfor Oasen i håp
om å kapre studentstemmer. Tenk å vere eit ettertrakta objekt
i fine taler og fagre løfter. Får studentar stemme i kommunen
dei bur heller enn folkeregistrert kommune, kan alt sjå annleis
ut.
Og i kommunaldepartementet sit Erna Solberg, som gjekk ut
med cand.mag frå UiB for 17 år sidan, og hadde fleire verv
i studentpolitikken. Kanskje hugsar Erna, for det er hennar
departement som kan greie ut ei slik ordning, korleis det
var å ha minimal påverknad i ein kommune.
Inntil vidare får eg sjå om Einar Kjerpeseth held fram som
ordførar i Bremanger kommune. Eg skal ikkje seie at eg ikkje
bryr meg, eg kjenner då Einar. Han er ein triveleg mann som
ikkje gjer min studentkvardag betre.
Øyvind Lefdal Eidsvik
Journalist i Studvest sin nyhenderedaksjon
22.08.03
|