Nyhende
Kultur
Tema



















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 20. august 2003, nr. 16 - 58. årgang

Ord til trøyst

Hei! Då er vi igang med første Studvest for haustsemesteret. Velkommen til byen hvis du er ny student, vi skal nok få det fint saman. Alle dykk andre er vi sjølvsagt glade for å sjå igjen, og vi i Studvest ser fram til å framleis å vere dykkar faste følgesvenn i studiekvardagen. Men denne leiaren er mest til deg som er ny.

Sidan vi har vore her ei stund kan vi kanskje kome med nokre nyttige erfaringar. Hvis du nettopp har flytta ut heimanfrå, så er det i følge dei som har greie på det, ein av dei mest stressande hendingane du opplever i livet. Så det er ingen som synes det er teit hvis du synes livet er kjipt innimellom. Men det kjem til å gå seg til. Det gjer det alltid. Og dersom du treng nokon å snakke med men ikkje har det, så ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som har greie på slikt. Det har tusenvis av studentar gjort før deg, og det er heilt ok.

Sjølv om det er deilig å flytte ut heimanfrå, så ring pappa eller mamma av og til. Det får deg til å føle deg mykje betre.

For dei som har vore med på fadderveker og liknande håper vi at du møtte nye interessante menneske som på sitt vis vil gi deg eit haldepunkt i det nye livet ditt i Bergen. Dersom du hamna på ei skikkeleg kjip gruppe, eller ikkje var med i det heile, så berre ta det med ro. Det vil dukke opp nokon ganske snart. Ikkje la deg skremme. Det går heilt fint. Slapp av.

Prøv å finn nokre studentorganisasjonar som er samanfallande med dine interesser, test ut eit par av dei, og til slutt vil valget falle på den eller dei du likar best. Og for all del ikkje prøv å overbevise andre om at du har kontrollen ved å sjå tøff og beinhard ut. For det første får du ingen vennar på det viset, og for det andre er det ingenting som er så lett å spotte som ein fersk student som deg. Det er heilt sant. Det beste er å vere deg sjølv.

Forhåpentlegvis har du det fint allereie, og har byrja å snuse på alt som går føre seg i denne vidunderlege byen som heiter Bergen.

Her i redaksjonen har vi framleis hjernene i ferie-modus, men hjula har omsider byrja å snurre. Vi håper at du vil finne Studvest nyttig og interessant. Husk at det er di avis, for det er du som har betalt for den. Når journalistane berre kjem seg opp av campingstolane og igjen får lagt ansiktet i alvorlege foldar, er dei veldig interessert i å vite kva akkurat du synes bør stå i Studvest. La oss få vite det hvis du har nokre tips om konkrete saker, gode eller dårlege som hender i studentbyen Bergen. Kanskje er det akkurat di sak som vert hovudoppslaget i neste nummer.

Frå neste nummer vil vi legge om denne sida slik at kommentaren får meir plass, og leiaren får ein mindre plass. Vi trur at avisa sine synspunkt vert betre representert med ei anna utforming. Ein skal ikkje stikke under ein stol at slike «Sørebø på laurdag» tekster som vi har hatt til no, stundom reflekterer bladstyraren sitt, heller enn avisa sitt syn på aktuelle saker. Vi vonar at den nye profilen vil vere med på å løfte dei viktige sakene i tydelegare fram i lyset.

Med dette seier vi lykke til. Men husk, det er framleis sommar ei god stund til, sjølv om alle gjer sitt beste for å inbille deg noko anna. Dette skal bli eit bra semester.

Helsing Bladstyraren.

22.08.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14