Klokka 9.03 om morgonen den 11. september, høyrdest ei
skurrande røyst frå presidentpalasset La Moneda i Santiago
de Chile, på radio Magallanes. Det var Salvador Allende, den
lovleg valde chilenske presidenten, som mana folket til framleis
kamp. Dette skriv kronikør Ivar Jørdre i Latin-Amerkagruppa,
i anledning 30 års markering for kuppet i Chile.
11. september 1973 i Chile
Dette vart Allendes siste tale til det chilenske
folk. Berre minuttar seinare inntok general Augusto Pinochet
og hans kuppsoldatar heile palasset, og Allende vart drepen.
4. september 1970 vann Unidad Popular, ein folkeleg
alianse med sosialisten Salvador Allende i spissen, valet.
Allende rakk å vere president i 3 år og 7 dagar, før kulene
trefte han og presidentgarden. Over 100.000 menneske vart
arrestert i den første tida av diktaturet, fleire tusen drept
og fleire hundre tusen reiste i eksil.
USA spelte ein særs aktiv rolle i førkant av
kuppet. Berre veker før kuppet innvilga president Nixon eit
lån til militæret på 10 millionar dollar, til kjøp av våpen.
Dei delar av militeret som var fientlege til Allende, mellom
andre marinen, hadde allereie i eit par år fenge pengestøtte.
Fleire amerikanske multinasjonale selskap gav også økonomisk
støtte til kuppet, mellom andre International Telephone and
Telegraf (ITT). Dette selskapet var og er ein storbrukar av
kopar. Nettopp kopar og koparminene var ein del av Allende
sitt nasjonaliseringsprosjekt, som irriterte amerikanarane.
Dei to største eigarane i koparindustrien var amerikanske,
Kennecott og Anaconda.
Ein økonomisk blokade vart sett igong av president
Nixon ilag med amerikanske multinasjonale selskap (ITT, Kennecott,
Anaconda) og bankar (Den inter-amerikanske utviklingsbanken,
Verdsbanken, IMF). Den chilenske økonomien vart ytterlegare
råka av stopp i finansiell hjelp og blokering av lån frå multilaterale
institusjonar. Den pressa regjeringa kunne ikkje lenger klare
sine økonomiske plikter. Inflasjonen steig valdsamt, arbeidsløysa
auka, og ein svart økonomi vaks som eit resultat. Polariseringa
mellom venstre- og høgresida vart større, og meir brutale
samanstøyt fann stad, med daglege demonstrasjonar, frå både
tilhengarar og motstandarar av Allende. Bedrifter vart overteke
av arbeidarane, arbeidarstyrte lokale komitéar og distribusjonsnett
vart danna, som eit forsøk på å demme opp for det aukande
økonomiske kaoset. Men tida var no knapp, den fascistiske
skuggen nærma seg, og materialiserte seg i eit kupp 11. september
1973.
Kuppet i Chile endra på det meste. Dei sosialistiske
strukturane vart borte, eit brutalt og blodig diktatur kom.
Med tortur, drap og forsvinningar prøvde Pinochet å kneble
det chilenske folk. Nokre få heldt fram sin kamp mot diktaturet,
men etterkvart vart det uråd å gjere noko. Samfunnet gjekk
inn i ei apatisk mørk tid, der dei som vart rekna som fiendar
av regimet, vart tekne hand om av det frykta sikkerheitspolitiet,
og kasta i kalde celler om dei i det heile teke overlevde
den systematiske torturen. Alt av kritisk ytring vart forbode.
Minste teikn og mistanke til opposisjonell verksemd, og ein
kunne forsvinne og verte borte for alltid. Nøyaktig 28 år
etter kuppet, 11. september 2001, hende det mange trudde var
umogeleg, terrorangrepa mot Washington og Pentagon. Som ein
historisk ironi er desse to datoane bundne saman. Ikkje direkte,
men med kuppet i Chile som eit resultat av USA sin imperialistiske
utanrikspolitikk, og terrorangrepa som ein bomerang attende,
også som eit resultat av USA sin politikk i verda. Ser ein
historiske linjer i dette så kan ein forstå kva dominans ei
supermakt kan ha og på same tid kor sårbar den kan vere. Allikevel
er denne supermakta USA enno langt ifrå sårbar nok til å endre
sin verdsherskar-doktrine. Nok ei gong har supermakta sett
seg fore «å redde verda», denne gong det irakiske folk. For
30 år sidan var det det chilenske folk dei «redda».
10.09.03
|