Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 10. september 2003, nr. 19 - 58. årgang

Play that country music...

Det er to år sidan 11. september. Då vart USA for alvor vekte opp av den sjølvtilfredse dvalen sin. Dei vart tvinga til å sjå at dei er ein del av verda likevel, sjølv om dei er beskytta av store hav mellom seg og land som kan utgjere nokon reell trussel.

Den jamne innbyggaren i USA har ikkje ord på seg for å vere særleg interessert i anna enn sitt eige land. Når han refererer til «The World» meiner han gjerne nettopp USA. I staden for å forsøke å finne årsaka til dette store hatet mot seg, gjer USA det motsette: Grev seg ned og sender det dei har av væpna personell mot nokon som kanskje kan ha hatt noko med terroristane å gjere, eller i det minste har same hudfarge. Og det er klart; noko må styresmaktene gjere for å halde på opinionen.

Det er ingen tvil om at terrorangrepa 11. september 2001 forårsaka store menneskelege lidingar. Men USA vil ha resten av verda til å tru at dette er det viktigaste som har skjedd i nyare historie. Det er det ikkje. USA har vore, og er framleis, den direkte årsaka til større menneskeleg liding enn åtaket på tvillingtårna i New York. Det skulle vere nok å nemne Vietnam, Iran-Contras og 11. september 1973.

Årsaka til at vi lar oss lure, er at USA er så forbaska flinke til å marknadsføre seg sjølv. Skjer det noko i USA gjer dei straks sitt beste for få oss til å tru at dette er det verste som har skjedd i heile verdshistoria. Og her på berget oppfører både media og styresmaktene seg som om det verkeleg var tilfelle.


Foren eder!

Øverst på denne sida vil vi framover by vi på eit gjensyn med Studvest for nokre år sidan. Mest frå 70-talet, tiåret då samnorsken herja vilt i avisspaltene, Studvestredaktør Matz Sandemann frå NHH var sjefs-raddis, og folket i Kina og arbeidarane på Bergen mekaniske verkstad (BMV) var eit viktig anliggande for studentane i Bergen.

Og medan enkelte har hendene fulle med å bortforklare at dei støtta Pol Pot og andre torturistar, kan vi andre sjå tilbake på dette tiåret med ein viss ironi og humor. Velkomen til Studvests mest blodraude periode.


Suspekte studentar

Det var nytt for oss at studentar og dei parkerte syklane deira, utgjer slik ein grassat risiko for viktige personar - til dømes kongen - ved opning av nye forskingsfløyer - til dømes den på Haukeland.

Dette har forskarar og undervisningspersonell teke konsekvensen av, og låser seg inn bak tjukke dører med kodelås, så studentane må bruke e-post for å kome i kontakt med dei. Sjølv med id-kort, er det aldri godt å vite kva studentane kan finne på.

 

 

10.09.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14