Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 10. september 2003, nr. 19 - 58. årgang

Kongen kom
- studentane kasta ut

Forrige måndag vart Bergens nye praktbygg opna. Foran 200 inviterte gjestar opna kong Harald Bygg for biologiske basalfag (BBB). Men studentane blei haldne langt unna.

Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Håkon Eikesdal
 
HIT. Lenger kom ikkje medisinstudentane Vegard Vevatn (t.v) og Tomas Sørbø då kong Harald skulle opne bygget deira. Det sørga politiet for.

- Vi vart møtt av politiet 100 meter før inngongen til BB-bygget, og fikk høyre at all undervisning var avlyst. Vi fekk ikkje kome inn eller vere i nærleiken, seier Tomas Sørbø og Vegard Vevatn. Dei er begge medisinstudentar på fyrste året, og blant dei som fekk merke best at kongebesøket ikkje var meint for studentar:

• Lesesalar både på BBB og Haukeland var stengte.
• Gangtunellen mellom Haukeland og BBB var stengt.
• Kantina, der kongen og hans følgje fekk servert koldttallerken seinare på dag, var stengt.

Andre studentar Studvest har snakka med, tykkjer ikkje den totale utestenginga var særleg bra handtert. Mellom anna fekk mange ikkje tilgong til bøkene i bokskapa sine, og haukelandområdet var overfylt av svoltne studentar. Sørebø tykkjer det er pussig at kongen ikkje fekk møte studentar under opninga.
- Vi er jo skuffa, det hadde vore naturleg at studentar fekk vere med. Det er jo her vi er, seier han.

BB-BYGGET
• Bygg for biologiske basalfag (BBB) vart offisielt opna av kong Harald sist måndag, men har vore i bruk sidan mai.
• Største «leigetakar» er Dei prekliniske institutta, som aleine tar opp fem etasjer. Mykje av aktiviteten til Psykologisk fakultet og Odontologisk fakultet føregår også på BBB.
• Bygget er rekna for å vere det mest teknisk avanserte i Noreg etter Rikshospitalet. Statsbygg har jobba med bygget sidan 1998.

Berre dei utvalde
- Dei som var inviterte, sat i styrer og utval tilknytta bygget, seier Johs. Teigland, direktør ved Medisinsk fakultet. Sjølv var han blant dei 200 utvalde, saman med universitetsstyret, representantar for tilsette, og styrer i ulike helseføretak. Åtte studentar fekk gleda av å sjå kong Harald opne bygget, to frå Universitetsstyret og to frå kvart av fakultetsstyra som held til i bygget. Stenginga av lesesalane ynskjer han ikkje å kommentere.
- Ikkje for kven som helst Fakultetsdirektør Teigland tykkjer ikkje studentane har mykje å klage over.
- Alle 4000 med tilknytting til dette bygget kunne ikkje ha vore med, det er umogleg, seier han og viser til tryggleiksreglar frå politiet. Informasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Trygve Hillestad, forsikikrar at det ikkje var studentar i seg sjølv poliet var ute etter. Det var, som med andre kongebesøk, menneskje som ikkje hadde noko der å gjere.
- Kven som helst skal ikkje kunne surre rundt når kongen er tilstades, seier han.

Såg Harald frå balkongen
Cecilie Totland var blant dei som såg kongen, sjølv utan invitasjon. Ho og fleire andre kunne sjå opninga frå ein balkong i sjette etasje. Ved å seie at ho jobba på BBB, sneik hovudfagstudenten seg gjennom politisperringane. Saima Butt, også hovudfagsstudent, var meir uheldig og kom ikkje forbi politiet.
– Å ikkje kome inn var det mest provoserande. Eg fekk beskjed frå politiet om å kome meg ut av vegen, for kongen skulle kome.

– Ser poenget
Ved Det kongelege slott finn ikkje informasjonsrådgjevar Sven Gjerulfsen «det naturleg å ha noko meining» om kongen var misnøgd med å ikkje møte studentar under opninga. Planlegginga av seremonien tok heller ikkje Slottet del i. Det gjorde derimot universitetsdirektør Kåre Rommetveit.
- Eg kan skjønne at mange studentar har reagert på at dei ikkje kom inn, men så var heller ikkje plasstilhøva dei beste, seier Rommetveit.


Fem på BB-bygget

1. Kva syns du om at studentar ikkje fekk vere med då kongen opna BBB?
2. Ville du ha vore med på opninga om du fekk lov?

 
Susanna Prokes
Tannlegestudent
1. Litt urettferdig, bygget er jo for oss, så vi burde fått sett kongen. Alle burde fått bløtkake, ikkje berre Harald.
2. Om eg fekk kake, så. Ja, eg hadde nok kome.
 
Øystein M. Aasen
Medisinstudent
1. Heilt håplaust. Det er vi som skal vere i bygget.
2. Ja. Det hadde vore kult å sjå kongen.
 
Håvard Skytterholm
Medisinstudent
1. Forståeleg, sidan det var mange andre som skulle verer med. Dei var sikkert viktigare enn oss.
2. Ja, klart. Harald er jo konge.
 
Unoda Amanda
Chakalisa Medisinstudent
1. Litt teit, BBB er for studentar. Det hadde vore betre om vi kunne ha vore med.
2. Ja, eg ville gjerne ha sett den offisielle opninga.
 
Ingrid Opshaug
Tannlegestudent
1. Veldig kjipt, tryggleiken tar overhand.
2. Ja, hadde venta lenge på at bygget skulle opnast. Det var artigt at kongen kom.
10.09.03

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14