Korrupsjon på norsk
I oppstussen rundt Statoil sin lite heiderlege innsats i
Iran den siste veka, registrerer vi at korrupsjon på norsk
og korrupsjon i andre land er ikkje heilt det same.
Konsernsjef Olav Fjell i Statoil forsikrar oss om at dei
har «en meget høy etisk standard», som om denne korrupsjonsaffæren
var ein rein glipp. Ja, det er klart, ingen i Norge ville
finne på å bestikke ein tenestemann i Iran med vitande vilje.
- Det var ein glipp, pengane berre datt ut av lomma mi og
han fann dei.
«Avsløringen om Statoil Iran-avtale har kommet som et sjokk
og en stor overraskelse på oss ansatte», sa prosjektleiar
Kolbjørn Inge Hoel i DN tirsdag. Det trur vi ikkje på. Den
som trur at korrupsjon ikkje gjeng føre seg også i det norske
næringslivet tek veldig feil. Kompis-landet Norge må vere
eit av dei enklaste landa i verda å snuske til seg pengar.
Og det er ingen grunn til at ikkje dei andre i sjefs-gutteklubben
Grei, ikkje har meir fanteri oppe i ermet.
Det er tvert imot akkurat desse folka som har makt til å
skjule sine misgjerningar. Når dei vert avslørt, må dei for
syns skuld stå i skammekroken ei lita stund. Men det er vel
ingen som for alvor trur at Olav Fjell blir støytt ut i kulda
for godt etter dette. Olav Fjell og Leif Terje Løddesøl er
slike kjekke karar, og meinte det sikkert ikkje. For dei har
nemleg slik ein høg etisk standard. Dei har til og med sendt
Iran-staben på kurs hjå Amnesty International.
Er det på grunn av sin høge etiske standard at Statoil er
så tungt inne i Iran? Dette prestestyrte diktaturet som arrangerer
offentleg steining av politiske fangar, og som nyleg hengde
18 unge demonstrantar utan lov og dom - i heisekraner på offentlege
torg. Landet som har skuldingar mot seg om utvikling av masseøydeleggingsvåpen
og støtte til ekstremistiske islamske terroristorganisasjonar,
og ellers tortur, undertrykking og drap på opposisjonelle.
Og ikkje minst; offentleg korrupsjon.
La ein ting vere klart: dette er ting dei er fullstendig
klare over i Statoil, noko dei no ettertrykkeleg har demonstrert
gjennom denne affæren. Så kom ikkje her og snakk om etisk
standard!
Ut og sjekke kumlok
Leiaren for Raud Valallianse, Torstein Dahle, har presentert
sine tiltak for å få ned arbeidsløysa blandt ungdom. Det viktigaste
punktet var å tilsetje fleire folk i kommunane.
Dette var nytt for oss, men ikkje heilt overraskande, etter
at vi sjølv har observert kor mange menn Teknisk etat faktisk
treng for å sjekke eit kumlok.
17.09.03
|