 |
STOPP. Ho skulle inn på lesesalen, men måtte returnere.
Camilla Jakobsen kom til stengt dør på HF-biblioteket.
|
Det er ikkje fyrste gong nokon prøver seg
denne ettermiddagen, fyrste dag HF-biblioteket er stengt.
Mellom dei er Runar Sæle.
– Eg blei litt sur først. Det hadde passa fint å sitje på
biblioteket og lest litt i arabisk-kompendiet. Men så såg
eg lappen om ombygging. Ikkje at han pleier å lese så mykje
her, men det er bra at biblioteket skal pussast opp.
– Skulebygg, seier han.
– Skulebygg bør pussast opp. Det er jo valtider. Bergens
beste lesesal blei stengt i førre veke. No rauk sjølve biblioteket.
Snart, om to veker, opnar det opp på nytt på historisk-filosofisk
fakultet. Inntil då, ingenting. Lesesalen kjem forøvrig
ikkje tilbake nokonsinne. Sommaren 2005 opnar biblioteket
opp på nytt - denne gongen i nytt skinn. På fem etasjar
skal studentar boltre seg i bøker som står oppstilt i eit
ope magasin.
Hardhausar
I dag er ikkje pågongen like påtrengande som i 1964. Då
derimot, stod studentane i kø utanfor biblioteket for å
få lesesalsplass. Gjerne frå klokka sju om morgonen.
– Eg var student sjølv då, seier biblioteksdirektør Kari
Garnes.
– Eg stod i kø, eg også. Det var blant dei få lesesalsplassane
på heile universitetet. Studvest kunne fortelle om sniking
i køene, medstudentar som okkuperte plassar for andre. Og
om lesesalen som ein eigna plass for sjekking av medstudentar.
Andre bollar
Tilbake til i dag. Tyskaren Stefan Schulz, adm.org-student,
rister i døra.
– Eg ville berre vite korleis eg kan låne bøker. Basic stuff,
really. Er det vanskeleg? Det var kanskje ikkje vanskeleg,
men tungvint. Fyrst måtte du finne boka i dataregisteret.
Så bestille det du fann, før du neste dag kunne spørre pent
om å få boka utlevert. I 2005 blir det andre bollar. Men
så, ein regntung ettermiddag, dukkar det opp ein som så
gjerne vil låne bøker. Gisle Andersen sensurerer ei hovudfagsoppgåve,
i datalingvistikk og skulle sjekke opp i nokre av kjeldene.
Men no?
– Eg trudde ikkje at det var så stengt.