Cand. masse rart - ein kommentar
Leiarartikkelen i Studvest nummer 18 fra 3. september tek
opp fleire sider ved næringslivet sitt aukande behov for kompetanse
i etikk, kulturkunnskap og tilgrensande fag. Mykje av det
som blir sagt i leiaren, er korrekt, men eit par påstandar
om kva universiteta gjer (eller heller kanskje ikkje gjer)
krev ein kommentar.
I artikkelen blir det hevda at «marknadsretting synest å
vere eit ikkje-tema på mange fag». Dette gir inntrykk av at
det ikkje er tenkt på samfunnsrelevans og studentane sine
yrkesval under utarbeiding av dei fleste studieprogramma,
men det er kvalifisert feil, iallfall ved UiB. I tråd med
Stortinget sine intensjonar med Kvalitetsreformen har det
vore fokusert på relevans for næringslivet i arbeidet med
dei nye studieprogramma. Dette viser mellom anna igjen i informasjonsmateriellet
som er trykt eller publisert på nettet om mange av studietilboda.
Men meir kan gjerast og meir har blitt gjort. I samarbeid
med Karrieresenteret og Bergen Næringsråd har UiB i mest eitt
år arrangert vellukka møte med næringslivet både for å informera
næringslivet om dei nye studieprogramma, og for å gi programansvarlege
ved UiB innsyn i kva bedriftene ynskjer at høgt utdanna arbeidskraft
skal ha av kunnskap og kompetanse i åra som kjem. Tilsette
ved HF- og SV-fakulteta har spela ei viktig rolle i dette
arbeidet, og dette har allereie gjort sitt til at studietilbodet
ved desse fakulteta har blitt betre kjent i næringslivet.
Det er grunn til å tru at dette på sikt vil bidra til at humanistar
og samfunnsvitarar sitt «marknadsføringsproblem ovanfor næringslivet»
blir mindre.
Men sjølv om kontakten mellom UiB og næringslivet i Bergen
har blitt betre når det gjeld utdanningsspørsmål, står mykje
arbeid att før interaksjonen mellom partane er optimal. Difor
held arbeidet med dei nemnde tiltaka fram både dette semesteret
og i åra som kjem.
Leiv K. Sydnes, Viserektor for utdanning
17.09.03
|