Banebrytande bas albygg
Etter Rikshospitalet er det Noregs mest avanserte
bygg. Bygg for biologiske basalfag er Bergens nye praktskue.
Å gå opp det monumentale trappehuset på BB-bygget
gir nesten sug i magen. Med ei høgde på 43 meter, bind det
saman ni etasjer med forsking og undervising. Begge delar
skal vere i verdsklasse. Det er målet til både Universitetet
i Bergen og utdanningsminister Clemet. Prisen på huset er
ein milliard kroner, og det er utan både utstyr og usmykking.
|
 |
DRÅPETELJING. Indiske Vandana Raghavan tel dråpar
til forskinga si. På BB-bygget finn du eit laboratorium
rundt kvart hjørne.
|
Rapekunst
I trappehuset tar sensorar opp alle lydar og sender dei ut
på høgtalarar. Brukarkoordinator Torbjørn Dall-Larsen må smile
av lydkunsten.
– For å teste anlegget drakk dekanus ei flaske farris på styrten
og sprang ut i trappehuset. Der rapa han det han kunne. Lyden
gjalla i veggane i lang tid etter, humrar han. Dall-Larsen
er høgt og lågt. Med den vesle, blå nøkkelen sin kjem han
inn alle små, hemmelege dørar. I dag gjer Studvest det òg.
Medisinsk verdskart
I lange labyrintar av betonggrå gangar ser vi rad på rad med
laboratorier og andre forskingsrom. Enkelte stadar står menneskje
med kvite frakkar og jobbar med pipettene sine, andre rom
ventar framleis på å bli tatt i bruk.
– Desse romma er isolert med tjukt, mjukt stål for å fjerne
all elektromagnetisk støy, forklarar Dall-Larsen, idet vi
stoppar framfor ei tung dør.
– Her er det mogleg å registrere svake signal frå hjernen
til forsøkspersonar, utan å bli forstyrra av masta på Ulriken
eller andre feilkjelder. I etasjen under står to store maskiner
og bråker. Hit skal forskarar frå heile landet kome for å
spalte protein til småbitar. Protein frå menneskje kan samanliknast
for blant anna å finne ut om dei er årsak til sjukdom. Også
SARS og HIV får merksemd fra forskarane. Med BB-bygget skal
Bergen på det medisinske verdskartet. I spesielle soner vil
det snart føregå meir kontroversiell forsking. Her vil det
bli oppstalla dyr til ulike forsøk. Mellom anna kan forskarar
regulere dyra sine inntrykk av lys, mørkre og temperaturar.
|
 |
MONUMENTALT. Trappehuset er markant i Årstad skyline.
Her ligg det som Universitetet i Bergen ynskjer skal
bli ein verdsmedisinsk spydspiss.
|
Fjernstyrt frå Trøndelag
I ein liten sentral i åttande etasje sit dei som verkeleg
har kontroll over dag og natt til små laboratorierotter. Som
ein storebror som ser det meste, kan driftsavdelinga regulere
alt frå fjernvarmen frå bossanlegget i Rådalen til luftfukta
hos rottene. Frå nokre datamaskinar kan lys, temperatur og
ventilasjon styrast i heile bygget.
– Sjå her, smiler Rolf Kristiansen, driftsleiar for BBB. Han
peikar på skjermen sin.
- Her har vi tankar med 30.000 liter sprit. Det han ikkje
seier, er kva som er oppbevart i spriten. I tankane ligg daude
personar som har testamentert kroppen til forskning og undervisning.
– Men akkurat no er det Trondheim som styrer, seier Kristiansen.
Mange er nyfikne på den finurlege teknikken i bygget, og driftsleiar
Kristiansen er ikkje verre på det enn at andre kan få prøve
seg på husets styringssystem - universitetets nye dataleiketøy.
Ikkje berre Trondheim, men også frå Paris har BBB blitt fjernstyrt.
|
 |
KJENTMANN. Lydkunsten i trappehuset har fostra gode
historier om raping og roping. Torbjørn Dall-Larsen,
omvisar og brukarkoordinator, kan dei fleste.
|
Påtrengande persienner
Med ein langt frå diskret durelyd går persienna på kontoret
til Håkan Sundberg ned. Like etter går den opp att.
– Förbaskade persienner, seier Sundberg. Psykologiprofessoren
er blant bebuarane i 8.etasje, men han rekk knapt å seie regresjonsanalyse
før persiennene igjen er på veg ned. Persiennene er computerstyrt
etter sol og skyer, og blant dei tekniske dupedittane BB-bygget
er fullt av. Men Bergen har ikkje dei mest stabile vêrtilhøva.
– Det er vanskeleg å stille kor mange skyer som skal til før
persiennene går ned, forsvarar driftssjef Kristiansen. Dall-Larsen
er einig.
– BBB er ingen masseprodusert bil. Då vi byrja, var det ingen
som kunne bruke huset. Vi må prøve og feile, fortel han.
| |
BB-bygget
|
• Bygg for biologiske basalfag (BBB) er det
mest avanserte bygget i Noreg etter Rikshospitalet.
• Huset har kosta rundt ein milliard kroner
ikkje medrekna utstyr og utsmykking. Over fem
millionar er brukt på kunst.
• BBB rommar forskningslokaler og undervisningsrom
for studentar på medisin, odontologi, psykologi
og farmasi.
|
|
Heller kunst enn disseksjon
At mykje ikkje er ferdig, får vi òg eit inntrykk av i det
Dall-Larsen kjem inn i eitt av auditoria.
– Veit du at PC-laben ikkje verkar, undrar ein student.
– Får vi klokke her, vil ein professor vite. Dall-Larsen svarar
så godt han kan, før han umerka snik seg ut døra.
– Det er ein del som manglar enno. Men bygget er fleksibelt,
og laga slik at det kan endrast om det blir nødvendig, seier
han. Noko vart endra allereie før bygget blei tatt i bruk.
Langs den eine veggen inn mot den japanske hagen ville arkitektane
ha store, klare vindauge. Dei hadde ikkje tenkt på at romma
skulle brukast til disseksjon. Løysinga blei kunstvindauge
i farga glas til ein million kroner. Det blir omlag 150.000
kroner glasruta.
Gullfiskbalanse
Over seks millionar kroner er gitt til utsmykking av stasbygget.
Mykje av kunsten er komen på plass, men endå er ikkje pengane
brukt opp. Mest prangande er kanskje den japanske hagen midt
i bygget. Og der, midt i hagedammen, svømmer to lykkelege
gullfiskar. Dei har blitt sett ut av vittige sjeler, som neppe
var klar over at dei brakte hagen i mental ubalanse. Åtvaringa
frå hagemakar og zenmunk Shunmyo Masuno var klar: Ingen fiskar
i dammen. Til vinteren skal fiskane inn. Men kvar? Kanskje
på peishylla til Torbjørn Dall-Larsen?
- Nei, vi får sjå om ikkje fiskane kan svømme rundt ein plass
inne på BB-bygget.
17.09.03
|