Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 24. september 2003, nr. 21 - 58. årgang

Heller kollisjon enn koalisjon

Åtte studentar blei valt inn i Bergen bystyre, frå fem ulike parti. Det betyr at studentar sit på godt over ti prosent av plassane i styret som avgjer det meste av bergenspolitikken. Det er verken sjokkerande få eller mange - det er derimot ganske velproporsjonert. Studentane utgjer vel ti prosent av dei som bur i Bergen.

Men betyr det noko for studentar at det sit studentar i bystyret? Kor mange studenpolitiske saker har dei føregåande drive gjennom i bystyret? Knapt nokon. Partigrenser fungerer som skylappar for politikarane. Samarbeid mellom høgre- og venstresida har vore like upopulært blant unge som ellers.

Det er nok av studentpolitiske saker å gripe tak i. Øvst på lista er naturleg nok bustadsituasjonen. Sjølv om bustadmangelen er delvis overdriven, er det ikkje til å feie under teppet at Bergen har den dårlegast dekning av studentbustadar i landet. Planane er mange. AUF ynskjer å bygge eit tårn større enn rådhuset ved Storelungeren. At Arbeiderpartiet ikkje gjekk til val på den saka, ser ikkje ut til å plage nokon. Høgre ynskjer at NSB skal reise frå den store tomta si, hundre meter frå AUF-tårnet, slik at det kan byggast bustadar der. Dei håpar berre at NSB skal få opp farta. Og FrP, Bergens tredje største parti, talar like godt med to tunger. FpU-tillitsvald Håvard Fond Garathun sa til Studvest dagen etter valet at dei ikkje vil bruke offentlege midlar på bustadbygging. FrPs stortingsmann Arne Sortevik vil derimot bruke dei same offentlege midlane til å bygge i Bergen.

Ingen blir einige, ingenting blir gjort. Slik har det vore på bustadfronten dei siste åra. Åtte studentar i bystyret - det er ei like stor gruppe som SV har - kan gjere ein felles innsats for å gje studentsaker prioritet, dersom dei kan klare å setje seg ned saman. For ein månad sidan stilte Studvest studentkandidatane til AP og SV spørsmålet om korleis dei såg på samarbeid på tvers av partigrensene. Og medan AP sin mann ikkje gjekk av vegen for å prøve noko slikt, var SV si kvinne tvert om ganske negativ til eit slik forsøk. Det ville vere for ulike interesser, hevda ho.

Ho kan godt ha rett, men prinsipprytteri fører sjelden fram. Politikk handlar om å inngå kompromiss. Kanskje ynskjer ikkje NSB å flytte til Arna med det same. Truleg kjem aldri eit 18-etasjers AUF-tårn opp frå teikneblokka. Med vilje frå bystyre og Storting kan Bergen i løpet av nokre år få ein anstendig dekningsgrad av studenthyblar, utan at studentane må vere prisgitt dagens vilkårlege huseigarar.

Vi kan berre håpe at Harald Victor Hove (H), Christopher Brun (H), Pål H. Thorsen (Ap), Tina Åsgård (SV), Tone E. W. Salomonsen (SV), Inger Helgeland (SV), Marte Mjøs Persen (RV) og Julie Andersland (V) finn tonen saman i rådhuset. Gjer dei det, blir studentane ei tung politisk gruppering i bystyret. Bergen er landets nest største studentby. La det skine gjennom også i bystyret.

Øyvind Lefdal Eidsvik
Journalist i Studvest sin nyhenderedaksjon
24.09.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14