Eit imageproblem
Jenteprosenten på NHH går opp og skulen likar å profilere
seg som ein triveleg stad å vere student, noko som til ei
viss grad er rett. Imaget til NHH utad er likevel framleis
ein statusskule for eplekjekke pappagutar med panneband og
bil betalt av fars firma. Det er til ei viss grad rett dette
også.
I K7-Bulletin, nr. 7 kom det i eit lesarbrev fram at ei gruppe
mannlege studentar ved skulen vel ut damene dei vil ha blant
dei nye studentane til deira spesielle opplegg i fadderveka.
Det skal ikkje mykje fantasi til for å forstå at dette er
dei jentene som er penast, eller på andre måtar funne verdige
for denne klikken. Slikt er ikkje berre kvinnefiendtleg, der
er også ekskluderande for dei studentane som vert funne for
lette til å vere med i denne indre kretsen.
Når enkelte grupper gir inntrykk av at dei eig skulen på
denne måten, skaper det sjølvsagt dårleg tilhøyrigheit til
miljøet blant resten av studentane. For dei som ser dette
utanfrå, bekreftar det alle fordomar om at NHH er ein sosseskule
med eit pamp- og bimbo-image, der eit kobbel mannlege studentar
får ture fram som dei vil.
Skuleavisa K7-Bulletin og redaktør Maria Griffin Huse fortener
all ære for å gripe tak i dette problemet. Studentmiljøet
på NHH er tett, og ein kan ikkje ta opp slike problem utan
å løpe ein sosial risiko.
Dei hadde i same avis oppslag om jentene på fyrstekullet
som ikkje ville kline med medlemene i Klubb- og kulturutvalet,
på pub til pub runden i fadderveka. På grunn av dette vart
dei skjelt ut som udugelege taparar. Etter denne saka har
K7-Bulletin møtt ein vegg av kritikk for å stille studentforeininga
NHHS i eit dårleg lys. Dette er sjølvsagt fullstendig misforstått,
sjølv om det å kritisere media for å belyse kritikkverdige
forhold, nesten kan reknast som ein folkesport.
Slike hendingar som dette øydelegg for heile skulen sitt
image, og vi går ut frå at leiinga ved ved NHH ikkje vil ha
eit slikt stempel på skulen. Sjølv om det er studentane sjølv
som står for dei ulike arrangementa, bør skulen i saker som
dette, gå langt i å legge seg opp i studentforeiningane sine
opplegg. Særleg når studentane sjølv viser fram ein slik overveldande
mangel på folkeskikk.
02.10.03
|