Gode på botnen
Studentenes Undervannsklubb i Bergen
(SUB) arrangerer NM i undervannsfotografering 2003. Det
er duka for det koselegaste NM i landet.
- Det blir altså eit dykk klokka ni og så
eit klokka elleve, forklarer Øyvind Reinshol over skuldra
frå førarsetet i Subus. Klokka er halv sju laurdag morgon
og åtte trøtte tryne er på veg ned bakken frå Garasjen
(SUB sine klubblokaler), i dette Guds vidunder som heiter
Subus. Mannen i førarsetet er Øyvind Reinshol, til vanleg
sikkerheitsleiar i SUB. Og Subus er altså bussen til SUB
- logisk nok. Men i dag er Øyvind også toppsjef for Norgesmeisterskapen
i undervannsfotografering 2003.
|
 |
AMERIKANSK. Over: Preget av de amerikanske Austin-jammene
innleder vertene Naked-kvelden på Opera. Med bandet
Bad Navigators spiller Rennette Marshall en sang
om det å reise.
|
Sliten i kardangen Øyvind er entusiastisk
vaken:
– Deltakarane får bruke to filmar kvar som vert sende
med kurér til Foto Jørgen, forklarer han, og rører i girkassa
på leit etter førstegiret.
– Vinnaren vert annonsert på Grisefesten i kveld. Det
bakerste setet, der vi har vorte passert saman med teamet
frå Student TV, er av uforklarlege grunnar svært fuktig.
Subus er tydelegvis ikkje heilt i slag i dag, og blinkar
misfornøgd med samtlege av lampene på dashbordet.
– Det er vått i setet, klagar vi akterut, men Øyvind er
fokusert på giringa og mumlar noko om problem med radiatoren.
Subus er ein sliten gamal niseters Volkswagen Transporter
med høgt beltefeste, og ingen i SUB tvilar på at han har
sin eigen vilje. Og i dag ville han visst helst stå i
ro. Forståeleg nok sidan han dei siste ti åra har blitt
køyrd fram og tilbake til Sotra minimum fire gongar i
veka, nedelessa med dykkarar, blybelter og tunge flasker.
Slikt er dårleg for helsa og slit på både kløtsjen og
kardangen. Å lure folk ut i ein sånn bil er på kanten
av folkeskikken, men fotografen greier likevel nesten
å sovne før vi kjem fram til porten på Håkonsvern. Dei
har sagt seg villege til å stille med dykkebåten sin «Viken».
|
 |
1. plass vidvinkel
|
| |
 |
| |
1. plass macro
|
| |
 |
| |
1. plass nybegynner
|
Sikkerheitsklarering
Vi har fått beskjed om streng sikkerheitsklarering. På
førehand måtte alle oppgi namn på næraste pårørande. Det
heile verkar veldig seriøst, og vi har førebudd oss på
kroppsvisitajon og harde avhøyr i vaktbua. Men vaktposten
har dårleg skopuss og er berre middels engasjert. Snart
er alt av folk og utstyr vel ombord i båten, og tøffar
ut frå kaien på veg mot Ulvsundet i Øygarden. Personell
frå Forsvarets Dykker og Froskemannskole (DFS) er med.
Ved synet av senete marinejegerar ikledd SFSK (skjorte
felt sommer kort) og blyanttjukke blodårar som bular ut
av underarmane, tar vi oss i å mimre tilbake til vår eiga
lystige tid i Forsvaret, som nedelessa infanteristar ein
stad i dei nordnorske skogane. «Viken» vert til dagleg
brukt som skulebåt for alle typar dykkarar i Forsvaret,
og har trykkammer ombord. Båtturen ut til Øygarden tek
omlag to timar som vert nytta til breafing om båten og
opplegget. Snart forstår vi kvifor Forsvaret har vore
så velvillege til å låne ut båten og kvifor tonen er så
tjomsleg ombord. Både øvstkommanderande Geir Gundersen
fleire av mannskapet er tidlegare SUB-medlemer.
Gjensynsglede
NM i undervannsfoto må vere den mest venskaplege norgesmeisterskapen
nokon sinne. Miljøet er lite og alle deltakarane kjenner
kvarandre frå før. Dei 22 deltakarane praktiserer utstrekt
klemming og liksom-boksing på dekket. Men når vi nærmar
oss Ulvsundet tetnar det til, og stemninga vert meir og
meir febrilsk i halvtimen før start-fløyta går. Deltakarar,
assistentar og assistent-assistentar trakkar lett paniske
fram og tilbake på underdekket med høge kneløft for å
unngå mengdene av flasker, ventilar, kamera og dyre blitsar,
og menneska som prøvar å setje alt utstyret saman på formålsteneleg
vis før startfløyta går.
3,2 svenskar i eit fangstnett
Men på akterdekk står nordmøringen Nils Aukan avslappa
med overkroppen ut gjennom glidelåsen i drakta. Han har
holdt på med dette i over 30 år, og ser ikkje ut til å
ha noko hastverk. Han brukar tida medan dei andre stressar
til å fortelje om korleis han fekk tak i drakta si nesten
gratis, og andre gode historier. Om den gongen jugoslavane
hadde tatt med seg nakenmodellar til VM, men ikkje hadde
tenkt på at huda vert nuppete og likbleik under vatn.
Dommarane var ikkje særleg imponert. Og at han driv med
undervannsarkeologi og kan røpe at det går 3,2 svenskar
i eit fangstnett. Men det er berre beina.
– Skal du ikkje i vatnet snart, lurer vi i det skipperen
dreg i fløytesnora. Det er signal på at dukkarane har
90 minutt på seg til å feste dyrelivet i havet til filmrullane.
– Vi har ikkje luft nok til nitti minutt uansett, seier
han medan han omsider dreg hovudet gjennom halsmansjetten
og ber oss stenge glidelåsen på ryggen. Og snart er han
også i vatnet.
Ungsau i teten
Favoritten er Espen Rekdal som bor i Bergen. Han er den
einaste som allereie er kvalifisert til VM i 2004, sjølv
om han i forhold til dei andre er ein fersking i miljøet.
Han tek hovudfag i marinbiologi på fiskeåtferd ved UiB.
– Kunne du tenke deg å drive med dette som yrke?
– Nei, då blir det med ein gong stress, filosoferer han.
Det er lærar han skal bli. Kor mykje pengar han har brukt
på hobbyen har han mest lyst til å gløyme, men det er
nok snakk om seks-sifra beløp. Berre ein blits kostar
20.000, og eit komplett kamera rundt 70.000.
– Men dei siste åra har eg fått sponsa veldig mykje av
både utstyr og reiser.
Intermezzo
Folk sit på dekk i ventetida og pratar og drikk kaffi
i sola. Overflata på sjøen krullar seg i trivelege små
krusedullar hit og dit. Det er eit sikkert teikn på massevis
av straum nede i sjøen, og at fotografane har eit svare
leven med å halde seg i ro der nede på botnen.
– Denne grisefesten, er den like grisete som det høyrest
ut, lurer vi.
– Det er SUB sin store, årvisse hagefest, og den heiter
grisefesten fordi vi grillar ein gris der, forklarer Øyvind
Reinshol. Årets gris er på 90 kilo, så dei fryktar at
det ikkje blir mat før langt ut på morgonkvisten. Men
det er visst nokon som skal lage til kamskjel og anna
sjømat før det.
Mellom dykk
Etter første runde, vankar det bollar og kaffi til dykkarane,
og litt båteksos i lungene før dei skal ned i djupet att.
Anne Lise Monsen som er modell/assistent/sambuar til Espen
Rekdal, trur det har gått veldig bra.
– Vi møtte ein rognkjeks der nede som var så velvilleg
og la seg fint til foran kamera, fortel ho entusiastisk.
– Men ikkje sei det til nokon, det er litt hemmeleg. Stemninga
er på langt nær så tett no som før første dykk. Deltakarane
slentrar ut att i båtane. Vel vitande om at dei no berre
skal tilbake til same plassen og få endå betre bilete.
Nokon slepper blyetbeltet til Per Eide ned mellom skutesida
og gummibåten. Det vert mumla om sabotasje, og redningsdukkaren
må ned og redningsdukke etter det. Like etter går Nils
Aukan over bord frå ein av dei andre gummibåtane. Eit
minutt etterpå er han på plass att, og endeleg kan båten
plane avgarde, ut i sundet til dykk nummer to.
Den lange vegen heim
Under debriefen på veg heim, har ikkje Øyvind berre gode
nyhende. Heile arrangementet ligg ein god time etter tidsskjema,
og det er ikkje bra med tanke på framkalling og slikt.
– Det gjer at vi må betale butikken ekstra for overtida
dei får når dei skal framkalle filmane. Dette blir eit
ekstra utlegg som gjer at ...
– ...som gjer at dette blir det billegaste NM nokon sinne,
avbryter Astrid Vold, og heile forsamlinga klappar og
mimrar om kor dyrt det var i Ålesund. Ved kai på Håkonsvern
vert radiatoren til Subus igjen toppa opp med kjølevatn,
men på motorvegen blinkar han likevel med varsellampa
for høg temperatur. Når vi passerer Skoltegrunnskaien
på veg heim er det full stopp. Verken godsnakk, truslar
eller meir vatn hjelper, Subus har parkert for i dag.
Nokon foreslår å gi han ei kule, medan andre vert kommandert
til å skubbe han rundt på plassen. Og sanneleg, sanneleg
startar han ikkje ein siste gong, så vi akkurat greier
å køyrer opp den bratte bakken til Garasjen, før han kokar.
Søte jenter
På Garasjen møter vi Gisle Sverdrup som sit og sorterer
filmane i posar. Fotografane får ein time til å sjå over
filmane sine og velge ut dei bileta dei meiner er best.
Men fram til dei får filmane, har ingen lov til å sjå
på dei, aller minst dei andre deltakarane.
– Er det mykje bra, ropar vi, nesten overdøyvde av den
digre kompressoren som gjer sitt beste for å skubbe trykket
i dykkerflaskene opp i 230 bar.
– Ja, ekstremt, ropar han. No gjelder det berre å halde
filmane unna Espen og Inger Lise. Dei ringte i stad og
lurte på kvar eg var hen. Dei lurer vel på meg bak eit
hjørne tenkjer eg, gliser han, før han ruslar bort mot
Realfagbygget. Ei stund etter kjem fire søte, festkledde
jenter opp bakken. Og litt etter, nokre til. Dei skal
på grisefest, og ein eller annan luring har lova å køyre
dei dit med Subus.