Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 15. oktober 2003, nr. 24 - 58. årgang

Ny klubb for universitetstilsette

Club Fægri; Staden der kvantefysikaren møter snekkaren.

CLUB FÆGRI
Den nye klubben ligg i kjellaren i Knut Fægris Hus i Villaveien 9, og er open torsdagar og fredagar 16:00 til 23:00

Det er torsdagskveld, og me er på opninga av den nye klubben for universitetstilsette i Knut Fægris Hus i Villaveien. Eit ensemble av trommer, trompet, saksofon, kontrabass og banjo spelar høglydt gladjazz, og rundt om i det vesle, gulmåla lokalet sit folk og et tapas eller småpratar over ein halvliter. Universitetet i Bergen har rundt 3000 tilsette, men desse har tidlegare vore forvist til Grillen eller dei ordinære kantinene.
– Det har lenge vore eit mål for Universitetet å få til noko slikt, seier Bjørn Johnsen, direktør i SiB Catering.
– Diskusjonane om akkurat dette lokalet starta i vår, arbeidet byrja rundt semesterstart, og her er resultatet. Kjellarlokalet er noko heilt anna enn dei andre kantinene på Høyden. Avrunda buar på dørene og vindauga, ein liten bar langs eine veggen, mørke trebord, kunst på veggane; det ligg ei litt sydlandsk stemning over kjellaren. Ein kan lett sjå for seg svartkledde professorar med skjegg sitja med kvar sin sigar og diskutera høgtravande emne over eit glas raudvin, men Johnsen avkreftar.
– Nei, her skal ein sleppa å alltid gå med slips. Ein mister litt av poenget dersom berre ein bestemt type folk kjem hit. Dette er ein stad for alle. Det er ikkje så mange her i dag, men dersom berre to prosent av dei tilsette kjem innom ein kveld, så er det fullt. Det burde dermed vera gode sjansar for at klubben vert ein suksess. Men me kjem uansett til å køyra fram til jol. Skal ein døma etter opningskvelden kjem nok klubben til å vara mykje lenger enn det. Ei gruppe it-tilsette som sit inne i røykerommet er iallfall godt nøgde med det nye tilbodet.
– Me var ein gjeng som brukte å møtast i Grillen etter arbeidstida, men etter at den vart lagt om til kantine var ikkje det noko særleg lenger. Dette er mykje betre. I kveld stod til og med Spildo (ass. universitetsdirektør, journ. anm) i døra og tok imot. Det gjorde han ikkje på Grillen.

Tekst: Ingebjørn Bleie
15.10.03

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14