Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 15. oktober 2003, nr. 24 - 58. årgang

Har lite, får mindre

Det kom som ein skuffelse, men diverre ikkje som ei overrasking at regjeringa i framlegget til Statsbudsjett ser for seg at ein skal gi heile studiestipendet som ei slags belønning til snille jenter og gutar som passar på å lese flittig. Framfor alt for at folk ikkje skal bruke tid på utanomfaglege aktivitetar.

For det første er ei slik ordning skapt til å sabotere eit kvart tilløp til kreativitet, nysgjerrigheit og entreprenørånd hjå studentane.

Dernest kan ein spørje kva sjukelønnsordning Lånekassen har. Er det nokon der som spør studentane om dei føler utilbørleg eksamenspress, er utbrende eller har andre udefinerbare plager?

Tredje spørsmål: Kvifor i alle dagar skulle nokon vere så dumme å ta til å eit studium som er kjent for å vere spesielt vanskeleg og ha stor strykprosent? På kjemi til dømes, som i dag har 24 prosent stryk, må ein altså rekne med å tape fjerdedelen av stipendet kvart semester.

Men sist, og viktigast, er framlegget ein elitistisk, trangsynt og sosialt skeiv måte å tenke rettferd på. Elitistisk fordi den er utforma av eliten, av dei flinke, for dei flinke. Trangsynt av same grunn. Og sosialt skeiv fordi den ekskluderer alle utanomliggande faktorar som sosial herkomst, oppseding, sosial klasse, psykiske problem, rikdom og andre faktorar som kanskje ikkje alltid er lette å måle, men likevel påverkar studieresultata.

Barn av akademikarar får betre karakterar enn barn av folk med lågare utdanning. Dette har ingenting med intelligens å gjere. Det er berre eit resultat av at dei som sjølv ikkje har vore innom akademia ikkje har forutsetnadar for å oppsede og førebu sine barn på akademisk tenking. Barn av akademikarar har fått dette inn med morsmelka og har ein gratis billett framfor andre i form av innstilling, lesevanar, systemtenking og så vidare.

Eit anna døme som ligg heilt i dagen: Studentar med mindre pengar må som regel jobbe ekstra om dei skal oppretthalde ein viss levestandard. Mindre pengar er lik meir jobbing, er igjen lik mindre tid til studiar, som til slutt er lik, statistisk sett, lågare karakterar.

Vi finn det passande med eit bibelvers: «Dei som har lite skal jamvel missa det dei har.» Vi ønskjer regjeringa lukke til vidare med kvantitetsreformen, medan vi hugsar tilbake til 2001, då Høgre stritta imot eit identisk forslag som då vart framsett av Utdanningsminister Trond Giske.

15.10.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14