Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 15. oktober 2003, nr. 24 - 58. årgang

Utanlandsstudentar må låne meir

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å gjere opptil halvparten av skulepengefinansieringa i utlandet om til lån. Til gjengjeld kan studentane låne eit større beløp enn dagens stipend.

Tekst: Ingrid Sælensminde
Foto: Håkon Eikesdal

Får regjeringa det som dei vil, blir 30 prosent av dagens stipend gjort om til lån for høgare gradsutdanning. For studentar på lågare grad blir utdanninga finansiert med 50 prosent stipend og 50 prosent lån. I tillegg til denne støtta, som ligg på 52.320 kroner, skal studentane kunne låne opptil 50.000 kroner i året til å dekkje skulepengar. På same tid vil regjeringa fjerne avgrensingane på kva for utdanningar som gir rett til skulepengefinansiering.

Skal tenkje nytt
Sjølv om større deler av støtta blir gitt som lån, meiner utdanningsmnister Kristin Clemet dette er ei god ordning for studentane. Ho trur låneordninga vil motivere fleire til å velje utradisjonelle studiestader i utlandet.
– Med denne ordninga kan studentar gå på skular med over 100.000 kroner i skulepengar. Tidlegare har studentane vore nøydde til å ta opp private lån eller stole på foreldra for å få til dette, seier Clemet. Regjeringa vil også gje støtte til eit tilretteleggingssemester for studentar som vil ta utdanning i ikkje-engelskspråklege land. Statssekretær Bjørn Haugstad i Utdannings- og forskningsdepartementet trur ordninga får studentar til å studere på andre språk enn engelsk.
– Mange stader hopar det seg opp med norske studentar, noko som ikkje fører til internasjonalisering. Ordninga blir ikkje like bra for studentar som for eksempel vil til Australia, men det er ei byrde vi kan bære, seier Haugstad ironisk.

- Verre for dei som slit
Gustav Heiberg er president i Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). Han er ikkje nøgd med at delar av stipendet blir gjort om til lån.
– Vi er positive til prinsippa i forslaget, men ikkje låneordninga. Med forslaget kan ein student i utlandet få opptil 136.000 kroner ekstra i lån. Med tanke på at målet er sosial utligning, kan dette verke motsett. Vi vil særleg jobbe for å redusere låneandelen for studentar på lavere grad, fortel Heiberg.

15.10.03

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14