Kommentar:
BIFF sparkar inn opne dører
Årets paneldebatt i regi av BIFF skulle handle
om moralske panikkar, men panelet lukkast ikkje i å finne
den moralske motdebattanten. Akkurat det er ikkje nødvendigvis
BIFF sin feil.
|
 |
PANELET. Verken medievitar Alex Iversen (t. v.), direktør
i Statens Filmtilsyn Tom Løland eller filmkritikar Anne
Hoff bar preg av moralsk panikk.
|
Moralske panikker var temaet for BIFF sin paneldebatt på
Hotell Norge, som vart meir av ein akademisk samtale enn ein
debatt. Paneldebatten skulle ta for seg årets tema i BIFF,
og særleg dei filmane der filmskaparane går langt i å skildre
rå vold, rå sex, sjølvskading og denslags, og den moralske
panikken dette framkallar hos ein del folk utan den same vide,
kritiske og akademiske horisont som forståsegpåarane i panelet.
Det var tydeleg at dei hadde gjort forsøk på å skaffe motdebattantar
utan å lukkast, og ikkje hadde funne nokon som ville ta på
seg rolla som den moralsk panikkslagne. For som ordstyrar
Jan H. Landro påpeika i innleiinga, er det som krev størst
mot i dagens samfunn å vere politisk korrekt.
Ordskiftet i paneldebatten glei ganske raskt inn i ein diskurs
kring enkeltfilmar lenge før Pål Bang Hansen på bakerste rad
hadde byrja å bla i avisen sin. Det panelet hadde å kome med
var interessant nok og ikkje utan sjølvrefleksjon. Men spørsmålet
som dukkar opp er om det ikkje var dei tilstadesverande kunstnarane
og vitarane som er dei panikkslagne. Dei har eit like stort
behov for å forsvare sit domene som vanlege folk, sidan deira
domene består i å vere grensesprengande. Dei har imidlertid
eit fortrinn framfor vanlege folk, og det er at dei har den
akademiske språkbruken som trengst for å få sine synspunkt
til å verke meir rettferdig og høgverdig. Like fullt vert
dei skuffa, forvirra og høgrøsta når ingen let seg provosere.
Dette problemet gjeld ikkje berre BIFF spesielt, men store
delar av kunsten generelt. Mange kunstnarar agerer jo ut frå
eit sjølvpålagt mandat til å tre provoserande materiale ned
over øyrene på folk. «Det verste som kan hende en festival
er jo at folks opplevelser fører til skuldertrekk og at det
som serveres oppleves som uinteressant» heiter det i BIFF-programmet.
Men den stadig pågåande provokasjonen vil nødvendigvis til
slutt føre til at ingen lar seg provosere av noko. Då har
provokatøren eit problem. Det er mange ting som tyder på at
akkurat dette er i ferd med å skje no når provokasjon er ein
folkesport, og BIFF-panelet må diskutere med seg sjølv utan
motstand.
22.10.03
|