Eg vil sei nokre ord til Ministeren,
han som har ansvar for helsa mi.
Det verkar som om du horar deg
med Per Kristian Foss på si.
For du tviheld på dine kontantar,
set aldri kropp over kapital.
Kreft er eit fag for børsspekulantar,
er det då rart eg vert gal.
Men psykiatrien er underbemanna,
så om eg vert gal, så går det meg ille.
Dei låser meg fast, elektrodar i panna
og stappar i meg ei pille.
Og no legg du ned alle sjukehus
som ikkje ligg midt i byn.
Eg tenkjer det gjev deg ein lykkerus
å knusa eit samfunn som Stryn.
Gravide må køyra i timevis.
Eller føda på riksveg sju.
Mens du står der med ditt breie glis
og seier: «Alt er bedre nu».
Peace out!