Nyhende
Kultur



















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 12. november 2003, nr. 28 - 58. årgang

Tullingar køyrer buss

«Freaks and weirdos ride the bus», var reklameteksten i ein av General Motors sine kampanjar i USA for ei tid tilbake. Det fall ikkje i særleg god jord, og mange folk vart utruleg sure - slik dei gjerne blir når nokon treff spikaren litt for godt på hovudet.

GM måtte trekke tilbake den reklamen, men ser vi på vår eigen situasjon innan offentleg transport i Bergen, forstår vi at dei hadde heilt rett. For dei av oss som er dumme nok til å lite på godt vêr, og berre tek bussen når det vert for surt og kaldt og sykkelen har punktert, kostar det per i dag 46 kroner å kome seg tur - retur skulen. Det er omlag det same som ein småbil brukar i bensin på same strekninga på ei heil veke. I tillegg kan ein bilist samkøyre for å gjere det endå billegare. Og ho kan dessutan ta eit par ærend i sentrum på veg heim utan at det kostar noko ekstra.

Dersom det verkeleg kostar 46 kroner for Gaia trafikk å frakte ein hutrande passasjer frå Kalfaret til sentrum og attende, så er offentleg transport dømt til ein sakte og sutrande død. Med mindre det offentlege er villege til å støtte kollektivtrafikk for å redusere biltrafikken i sentrum. Det skal vere billegare, ikkje dyrare, å sitje ukomfortabelt og trangt på ein buss, som i tillegg brukar lengre tid, enn å køyre bil.

Den som ikkje har bustaden eller skulen/arbeidsplassen ideelt plassert, må pårekne ein god del trasking, venting, bytte av buss, og så bortetter. Bur ein til dømes på Landås og studerer på NLA eller NHH, er du heldig om du kjem deg frå A til B på under tre kvarter, oftast tek det lenger tid, og du er våt når du kjem fram.

Hvis vi søv åtte timar og jobbar/studerer åtte timar av døgnet, så har vi åtte timar verdifull fritid til overs. Ein skal vere meir enn gjennomsnittleg idealistisk for å bruke ein og ein halv time av desse timane på transport. Reknar vi litt på det ser vi at på eit år vert dette det same som ein kontinuerleg busstur på nær ein halv månad, eller 41 dagars fritid. Har du råd til det?

Ettersom haustvêret har sett inn for i år, er det nok fleire som meiner at General Motors ikkje var heilt ute å køyre med reklama si, sjølv om dei måtte trekke reklamen sin og bukke djupt og orsake ovanfor alle busspassasjerane som følte seg støytt av slik uforskamma ærlegheit.

Ein bussbilett bør koste sju kroner.

Organiseringsglede

«Man skulle tro de gjør dette kun for å få lov til å votere...», hørt på SiBs velferdsting, etter at nok et benkeforslag kom opp til votering.

12.11.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14