Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 04. februar 2004, nr. 3 - 59. årgang

– Utlever alle studentar til overvakinga

Studentleiar Geir Pollestad meiner UiB neste gong må gi heile studentmanntalet når overvakingspolitiet spør. Nå skal saka også takast opp på Stortinget.

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK oyvind@studvest.no
Foto: MARTE VIKE ARNESEN marte@studvest.no o

Studvest skreiv i førre veke om at lister over ikkje-vestlege studentar hadde blitt utlevert til Politiets tryggingsteneste (PST). Norsk Studentunion (NSU) har reagert kraftig på praksisen.

– Dette går på truverdet laus for Universitetet i Bergen. Det gir oss eit negativt rykte, seier Geir Pollestad, leiar for NSU i Bergen. I følgje han har nyhenda også nådd studentar i Finland, i tillegg til at svensk tv har meldt om det.

– UiB skyv lovheimelen framføre seg, i staden for å vere meir tilbakehaldne, meiner Pollestad. I staden for å berre levere ut lister over ikkje-vestlege studentar, burde UiB levert lister over alle studentar til tryggingstenesta, tykkjer han.

IKKJE LEIKE MED PST

Universitetsdirektør Kåre Rommetveit kan forstå kritikken frå studentleiaren, og er sjølv tvilande til kor fornuftig det er av PST å be om slike lister.

– Men å gje lister over alle studentar når PST spør etter noko anna, går ikkje. Vi kan ikkje leike med etterretningstenesta heller, seier Rommetveit.

– Frykter du at dette kan skremme studentar frå å kome til Bergen?

– Nei, det gjer eg ikkje. Og situasjonen er lik for dei andre norske universiteta, svarar direktør Rommetveit.


STORTINGET TAR AFFÆRE

Kvifor tryggingstenesta ber om namnelister, vil også bli tema i den skriftlege spørjetimen i Stortinget neste veke.

– Vi vil spørje om kvifor universiteta tar slike strøjobbar for PST, seier Senterpartiets Rune Skjælåsen.

Også SV vil stille spørsmål. Ågot Valle, leiar for tingets kontrollkomité, vil sende brev til justisministar Odd-Einar Dørum.

– Eg samanliknar dette med det tidlegare DDR. Har ikkje etterretninga lært av Lund-granskinga? undrar Valle.

Forslaget frå Studentunionen om å levere ut heile studentmantalet neste gong PST spør, er Valle begeistra for.

– Verkelig kreativt, og alle er like relevante for PST. Eit godt forslag, seier Valle, og ber UiB ta det på alvor.


04.02.04


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14