Gå til innhold
English A A A
Emne ENG211

Engelsk språk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

I engelsk språk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG211 (skoleeksamen) eller ENG251 (semesteroppgåve).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i engelsk språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk.

Den språkhistoriske delen av emnet er ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Den kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga, eller konsentrera seg om ein periode. Kurset kan omfatta språkeksterne såvel som språkinterne forhold tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatta studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.

I moderne engelsk lingvistikk studerer ein teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildra moderne engelsk (Present-Day English) språkbruk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

ENG211 eller tilsvarande er ein valfri del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.

Læringsutbyte/resultat

Studentane vil etter fullført emne ha utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. Dei vil ha innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt, og ei djupare forståing av mange av dei særtrekka som karakteriserer engelsk språk i dag. Studentane har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar og har fått øving i å bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket. Dei skal vera rusta til å greia ut om og analysere engelsk språkbruk. Studentane skal òg ha utvikla analytiske dugleikar og ei vitskapleg haldning til språket. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Studieadministrativ avdeling om å få gå opp til særskild eksamen.

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG101 og ENG106.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane ha fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon og ENG101 og ENG106 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar).

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Undervisning og omfang

Seminar: 2 x 2 timar pr. veke. Totalt 48

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen i ENG211 blir arrangert kvart semester.

Eksamen er ein skriftleg seks timars skoleeksamen. Det blir gitt oppgåver både frå språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk og kvar del tel 50% av den totale karakteren. Ein må greia eksamen i båe delane for å få ståkarakter i emnet.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum kan omfatte både primærtekstar og språkvitskaplege tekstar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no