Engelskspråkleg litteratur og kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG212 (skoleeksamen) eller ENG252 (semesteroppgåve).
Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.
Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i dei engelskspråklege landa, og øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.
ENG212 eller tilsvarande er ein valfri del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført studium skal studenten
- ha tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
- vera i stand til å reflektera kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser
- ha ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt
- kunne uttrykkja seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Studieadministrativ avdeling om å få gå opp til særskild eksamen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Undervisning og omfang
Seminar: 1 x 2 timar pr. veke. Totalt 24
Teori: 1 x 2 timar pr. veke. Totalt 20
Vurderingsformer
Eksamen i ENG212 blir arrangert kvart semester.
Eksamen er ein skriftleg seks timars skoleeksamen.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensumet (tilsvarande 7-10 verk) kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no