Bachelorprogram i kjemi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Utveksling
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Kontakt
- Studieløp
Introduksjon
Kan nye kjemiske sambindingar løyse utfordringar knytte til medisin, industri og energi? Kan fargestoff vi finn naturleg i bær og planter, ha ein krefthemmande verknad? Kan såpe auke utvinninga frå oljefelt?
Kjemi er læra om stoffa som alle ting er bygde opp av, om strukturen til desse stoffa, eigenskapane deira og kvar dei finst. Faget er svært viktig for å kunne forstå den fysiske verda, både tinga i dagleglivet, naturen og store delar av det teknisk baserte næringslivet vårt.
Kjemi er livsviktig. Utan dagleg bruk av tusenvis av kjemikaliar kan ikkje samfunnet vårt eksistere. Sjølv om bruk av kjemikaliar i somme tilfelle kan vere risikofylt, må vi lære oss å leve med denne risikoen dersom vi vil ha fordelane av å kunne nytta moderne produkt innan mat, helse, kroppspleie og vareproduksjon.
Forureining er berre ei av dei mange problemstillingane som dagleg minner oss om desse motsetnadene, og derfor treng vi dyktige kjemikarar som ikkje berre kan løyse problem når dei oppstår, men som òg kan bidra til å finne nye løysingar.
Visste du at ...
Forskarar innan kjemi er sterkt involvert i debatten rundt det vitskapelige grunnlaget for prediksjon av global oppvarming.
Studievegar
- Bachelor
Det treårige studiet gir grunnleggjande praktiske og teoretiske kunnskapar i kjemi støtta av breiddekunnskap innan fysikk og biologiske fag, og dannar grunnlag for vidare studium av kjemiske fenomen og prosessar i naturen.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i kjemi. Studiet kan også kvalifisere for masterprogram i molekylærbiologi, nokre retningar i petroleumsteknologi og nokre retningar i geovitskap.
- Forsking
Moderne medisin, fornybare drivstoff, nanokjemi, petroleumskjemi, antioksidanter - alt dette er eksemplar på kva vi forskar på ved Kjemisk institutt på UiB! Forskinga innan kjemi dekker eit breitt spekter av tema. Vi driv med alt frå teoretisk kjemi med datamodellering av atom og molekyl til praktisk laboratoriearbeid der vi lagar nye stoff. Du omgir deg med mange kjemiske produkt i kvardagen, og kjemisk forsking er derfor svært viktig for samfunnet. Denne forskinga er også viktig for dei store globale utfordringane som miljø- og klimaspørsmålet og berekraftig utvikling.
- Sjå også desse studia
Geologi, geofysikk, molekylærbiologi, petroleum- og prosessteknologi, miljø- og ressursfag, lektorutdanning i matematikk og naturfag.
Utveksling
Du kan bruke valfridommen i programmet til eit utanlandsopphald. Kjemisk institutt har i dag avtaler med fleire universitet i blant anna Tyskland, Skottland og England. Her kan du ta eit delstudium som blir integrert i graden din.
Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.
Yrkesvegar
Ei kjemiutdanning kan dekke heile spennet frå praktisk til teoretisk arbeid. Du vil blant anna kunne arbeide innanfor følgande bransjar: kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektoren, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan innan HMS og miljø.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.
Følg linken for eksempler på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan kjemi:
http://www.uib.no/kj/utdanning/masterstudent-ved-kjemisk-institutt/kva-kan-du-bli
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Oppstart haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i kjemi gir ei grundig innføring i de ulike retningane innan kjemifaget, både i forhold til den tradisjonelle inndelinga i organisk, uorganisk, fysikalsk og teoretisk kjemi og i forhold til moderne, tverrfaglig bruk av kjemikunnskap. Den praktiske dimensjonen i kjemifaget blir dekka i laboratoriekurs som gir grundig opplæring i syntese, analyse og fysikalske målingar. Støttefag innan matematikk, fysikk og molekylærbiologi gir breidda som trengs for å vurdere kjemiske perspektiv i større problemstillingar, og kommunisere kjemi i ulike samanhengar.
Læringsutbyte
Ein kandidat med bachelorgrad i kjemi skal
- vise kunnskap om og forståing for grunnleggande prinsipp, konsept og teoriar innan kjemi
- kunne bruke kjemisk terminologi og beskrive grunnleggande reaksjonstypar og deira eigenskapar
- kunne greie ut om stoffa sine karakteristiske eigenskapar og bindingstypar ut frå deira oppbygging og plassering i det periodiske system
- kunne gjere greie for teoriar om tilstanden til stoffa, og for atomar og molekyl si oppbygging ut frå kvantemekanisk forståing
- ha kunnskap om trygg handtering av kjemiske stoff basert på deira eigenskapar og moglege risikofaktorar i bruk, og kunne utføre ei risikovurdering for bruk av gitte kjemiske stoff
- kunne utføre syntesar av organiske og uorganiske stoff
- kunne bruke vanleg analytisk instrumentering til å identifisere organiske og uorganiske stoff
- kunne undersøke og dokumentere kjemiske eigenskapar til eit gitt system på ein systematisk og reproduserbar måte, og tolke resultata i forhold til relevante teoriar
- kunne nytte denne kunnskapen og forståinga til å løyse kjente kvantitative og kvalitative problemstillingar
- kunne tolke, evaluere og sammenstille kjemisk informasjon og data
- kunne definere og bruke gode prinsipp for måleteknikk og evaluering av måleresultat
- kunne nytte og evaluere data stringent
- kunne presentere resultat frå kjemiske undersøkingar munnleg og skriftleg
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Bakgrunn tilsvarande Kjemi (1+2) tilrådast.
Innføringsemne
I det første semesteret av studiet tek du tre innføringsemne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit emne i kjemi. Innføringsemnet i kjemi introduserer deg for kjemien sine ulike aspekt sett frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og natur. Det er to ulike kjemiemne for studentar med og utan/svak bakgrunn i kjemi frå vidaregåande skule.
Obligatoriske emne
Krav for å oppnå bachelorgrad i kjemi er totalt 180 studiepoeng der 90 studiepoeng (1½ års studium) er spesialisering innan kjemi, 50 studiepoeng er obligatoriske emne som inkluderar innføringsemne i matematikk og ex.phil, matematikk-/informatikk-/statistikkemne, fysikk og molekylærbiologi og 40 studiepoeng er frie valemne.
Spesialisering i kjemi (90 studiepoeng):
KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131, KJEM140, KJEM210, KJEM250, KJEM299.
Obligatoriske innføringsemne (20 studiepoeng):
MAT101/MAT111, Ex.phil
Obligatoriske emne i tillegg til spesialiseringa (30 studiepoeng):
PHYS102(/PHYS112), MOL100, MAT/STAT/INF-emne (minst eitt av emna MAT102, MAT121, STAT101, STAT110 eller INF109. MAT102 eller MAT121 vert sterkt tilrådd for dei fleste spesialiseringsområda i mastergrad).
Frie valemne (40 studiepoeng):
Det er sterkt anbefalt å velje PHYS101 i tredje semester (studentar med sterk fysikk-bakgrunn frå vidaregåande skule vert anbefalt å velje PHYS111) for å ha eit godt grunnlag for å ta PHYS102/(PHYS112) i fjerde semester.
Oppbygginga av bachelorprogrammet i kjemi:
6. semester:
Analytisk kjemi
Bachelorprosjekt
Val
5. semester:
Kjemisk termodynamikk
Val
Val
4. semester:
Syntetisk uorganisk kjemi
Molekylær fysikalsk kjemi
Fysikk
3. semester:
Kjemien til grunnstoffa
Val/Fysikk anbefalt
Organisk syntese og analyse
2. semester:
Organisk kjemi
Molekylærbiologi
Matematikk/statistikk-emne (MAT102 eller MAT121 vert sterkt tilrådd for dei fleste spesialiseringsområda i mastergrad)
1. semester:
Ex.phil.
Matematikk
Kjemi og energi
Tilrådde valemne
Val av frie valemne (totalt 40 studiepoeng): I det første semesteret blir studentar med mangelfull kjemibakgrunn frå vidaregåande skule anbefalt å velje KJEM 100. Dette emnet kan inngå som fritt valemne i bachelorgrad i kjemi. Studentar med Kjemi 2 eller god bakgrunn frå Kjemi 1 blir anbefalt å starte direkte på emnet KJEM110 som inngår som obligatorisk emne i bachelorgraden. Det er sterkt anbefalt å velje PHYS101(/PHYS111) som fritt valemne i tredje semester (studentar med sterk fysikk-bakgrunn frå vidaregåande skule vert anbefalt å velje PHYS111) for å ha eit godt grunnlag for å ta PHYS102(/PHYS112) i fjerde semester. Valemna bør elles veljast i forhold til planlagt masterstudium. For studentar som vurderer å fortsetje på masterprogram i kjemi, er det nyttig å bruke valemna til å oppnå ein fagprofil i tråd med ynskjet for masteroppgåve. Nokre få av dei obligatoriske emna på mastergrad vert undervist berre kvart andre år. For dei som ønskjer å gå vidare på mastergrad, kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å leggje nokre av desse som valemne heilt på slutten av bachelorprogrammet. Tabell over anbefalte emner på bachelorgrad i høve til dei ulike spesialiseringane på mastergrad kan finnast her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Du kan bruke valfridommen i programmet til eit utanlandsopphald. Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Europa m.a. Tyskland, Skottland og England. Her kan du ta eit delstudium som blir integrert i graden din. Sjå http://link.uib.no/?15oLe for meir informasjon.
Undervisningsmetodar
Læremiddel som blir brukt i programmet står omtala under kvart einskild emne.
Vurderingsformer
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for videre studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Relevans for arbeidsliv
Med kjemiutdanning vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar:
Kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektor, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting.
Følg linken for eksempler på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan kjemi:
http://www.uib.no/kj/utdanning/masterstudent-ved-kjemisk-institutt/kva-kan-du-bli
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: post@kj.uib.no
Adminstrativt ansvarleg
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@kj.uib.no
Tlf 55 58 34 45
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i kjemi, studiekode i Samordna opptak: 184860.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Vi anbefaler at du har kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og Matematikk R1.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
40
Overgangsordninger
Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o
Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.
Læringsutbyte
Ein kandidat med bachelorgrad i kjemi skal
- vise kunnskap om og forståing for grunnleggande prinsipp, konsept og teoriar innan kjemi
- kunne bruke kjemisk terminologi og beskrive grunnleggande reaksjonstypar og deira eigenskapar
- kunne greie ut om stoffa sine karakteristiske eigenskapar og bindingstypar ut frå deira oppbygging og plassering i det periodiske system
- kunne gjere greie for teoriar om tilstanden til stoffa, og for atomar og molekyl si oppbygging ut frå kvantemekanisk forståing
- ha kunnskap om trygg handtering av kjemiske stoff basert på deira eigenskapar og moglege risikofaktorar i bruk, og kunne utføre ei risikovurdering for bruk av gitte kjemiske stoff
- kunne utføre syntesar av organiske og uorganiske stoff
- kunne bruke vanleg analytisk instrumentering til å identifisere organiske og uorganiske stoff
- kunne undersøke og dokumentere kjemiske eigenskapar til eit gitt system på ein systematisk og reproduserbar måte, og tolke resultata i forhold til relevante teoriar
- kunne nytte denne kunnskapen og forståinga til å løyse kjente kvantitative og kvalitative problemstillingar
- kunne tolke, evaluere og sammenstille kjemisk informasjon og data
- kunne definere og bruke gode prinsipp for måleteknikk og evaluering av måleresultat
- kunne nytte og evaluere data stringent
- kunne presentere resultat frå kjemiske undersøkingar munnleg og skriftleg
Oppbygging
Bachelorprogrammet i kjemi inneheld 90 studiepoeng (1½ års studium) spesialisering innan kjemi. Dei resterande 90 studiepoenga inkluderer obligatoriske emne innan matematikk/statistikk/informatikk, fysikk og molekylærbiologi. Programmet har òg valfrie emne.
Når du har fullført studieprogrammet, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-KJEM
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i kjemi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| KJEM140 | Molekylær fysikalsk kjemi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| KJEM250 | Analytisk kjemi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| KJEM299 | Bachelorprosjekt i kjemi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Obligatoriske emner i graden (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| MOL100, PHYS102 og eit MAT/STAT-emne er obligatoriske emne. Av MAT/STAT-emna vert MAT102 eller MAT121 sterkt tilrådd for dei fleste spesialiseringsretningane i mastergrad | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| PHYS102 | Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT102 | Brukarkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| INF109 | Dataprogrammering for naturvitskap | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng | ||||||||||||