Studentweb
Studentweb er ei teneste for studentar på UiO. I Studentweb registrerar du studiegangen din og ser kva som er registrert om deg som student.
Slik logger du på
Med brukarnamn og passord
- Alle studentar på UiO har brukarnamn og passord.
- Les om korleis du finn brukarnamnet og set passord.
Med fødselsnummer og PIN-kode
- Både noverande og tidlegare studentar kan logge på med fødselsnummer og PIN-kode. Det kan ta nokre dagar frå du har fått opptak til statusen din er oppdatert i datasystemet.
- Du kan tinge ein ny PIN-kode på innloggingssida til Studentweb, og få han tilsendt på e-post. PIN-koden blir send til e-postadressa di ved UiO og til eventuell privat e-postadresse du har registrert. Dersom e-postadressa di ikkje er registrert ved UiO, kontakt Knutepunktet.
- Studieinformasjonssentra til fakulteta eller Knutepunktet kan gje deg PIN-koden din dersom du møter opp og viser gyldig legitimasjon.
Hjelp med Studentweb
Studentweb-tenesta er kryptert
Det vil seie at opplysningane du gjev, ikkje blir sendt i klartekst, men koda til ein uforståeleg tekst. Da kan ikkje andre enn deg og saksbehandlaren ved UiO lese han.
Spørsmål?
Kontakt Knutepunktet.
Om Knutepunktet ikkje kan hjelpe deg, vil dei vise deg til riktig stad.
Fann du det du leita etter?
Publisert 13. mai. 2013 10:07
- Sist endra 19. aug. 2015 09:15