print logo

Symbola i StudentWeb

 

Symbol Kva tyder symbola?
hjelpetekst
Spørjeteikn
  • Når du klikkar på spørjeteiknet, får du fram ein hjelpetekst som er knytt til den sida du er på.
  • Det er lurt å klikke på symbolet om du står fast.
blyanten
Blyant
  • Klikkar du på blyanten, kan du søkje om plass på undervisninga og melde deg til eksamen.
  • Klikk på blyanten når du skal gjere endringar, til dømes flytte eit emne i utdanningsplanen.
  • Når fargen på blyanten er nedtona/grå, må du først avslutte det du held på med.
rødt kryss
Raudt kryss
  • Krysset viser at du kan slette ei rad (til dømes eit emne eller ei eksamensmelding).
  • Klikk på krysset for å slette.
  • Når fargen på krysset er nedtona/grå, må du først avslutte det du held på med.

plusstegnet
Plussteikn

  • Plussteiknet viser at du kan opne ein meny.
  • Klikkar du på plussteiknet blir menyen opna.

minustegnet
Minusteikn

  • Minusteiknet viser at du kan stengje ein meny.
  • Klikkar du på minusteiknet forsvinn menyen.
utropstegnet
Utropsteikn

  • Utropsteiknet i utdanningsplanen fortel deg at emnet har seminargrupper eller gruppeundervisning. Du må velje blant dei.

 

Publisert 12. apr. 2010 15:48 - Sist endra 14. sep. 2011 15:56