Symbola i StudentWeb
|
Symbol |
Kva tyder symbola? |

Spørjeteikn
|
- Når du klikkar på spørjeteiknet, får du fram ein hjelpetekst som er knytt til den sida du er på.
- Det er lurt å klikke på symbolet om du står fast.
|

Blyant
|
- Klikkar du på blyanten, kan du søkje om plass på undervisninga og melde deg til eksamen.
- Klikk på blyanten når du skal gjere endringar, til dømes flytte eit emne i utdanningsplanen.
- Når fargen på blyanten er nedtona/grå, må du først avslutte det du held på med.
|

Raudt kryss
|
- Krysset viser at du kan slette ei rad (til dømes eit emne eller ei eksamensmelding).
- Klikk på krysset for å slette.
- Når fargen på krysset er nedtona/grå, må du først avslutte det du held på med.
|
|

Plussteikn
|
- Plussteiknet viser at du kan opne ein meny.
- Klikkar du på plussteiknet blir menyen opna.
|

Minusteikn
|
- Minusteiknet viser at du kan stengje ein meny.
- Klikkar du på minusteiknet forsvinn menyen.
|

Utropsteikn
|
- Utropsteiknet i utdanningsplanen fortel deg at emnet har seminargrupper eller gruppeundervisning. Du må velje blant dei.
|
Publisert 12. apr. 2010 15:48
- Sist endra 14. sep. 2011 15:56