- Er det verkeleg 9. mai?
Frank Eriksen må dobbeltsjekke at det faktisk er 9. mai, der han langar ut i skiløypene på Sjusjøen.
Medan mange av oss er i ferd med å pakke fram bunaden til nasjonaldagen, finn andre fram kondomdressen og reiser til Sjusjøen. Der kan dei love 45 kilometer med trikkeskinner fram mot helga.
– Ein må utnytte dei siste restane av vinteren, det er kjempefint. I dag smør eg med klistervoks, men har gløymt solfaktoren, ler Bjørn Sigvartsen.
Han har framleis ikkje gøymt bort langrennsskia, og er ein av mange som utnyttar at det framleis er skiføre på Sjusjøen. For kuldegrader om natta gjer at maisola kan skue utover kvite vidder 850 meter over havet, sjølv om vi nærmar oss midten av mai.
– Aldri køyrt løyper så seint
Johannes Haukåssveen har køyrt løyper på Sjusjøen i alle år, og har aldri opplevd skiføre så seint.
– Vi brukar å gje oss mot slutten av april, i fjor var det slutt på skiføret skjærtorsdag. I år har det vore både kuldegrader om natta og nysnø etter påske, så det er vel det som er årsaka
– Kor lenge kan du love skiføre?
– Det skal bli bra forhold til og med helga, etter det må vi nok ta det dag for dag.

Hestehoven kan skimte utover snødekte vidder på Sjusjøen.
Foto: Bjørn Opsahl/NRKEliten på plass
Det er ikkje berre hobbyløparane som veit å nytte seg av den siste resten av den kvite årstida. Landslaga i skiskyting, kombinert og langrenn er alle på plass på Lillehammer for å gå i løypene på Sjusjøen.
Johannes Haukåssveen fortel at det akkurat nå er om lag 40 centimeter med snø innover i fjellet, og at føret er best på morgonkvisten.
– Det er fint å kunne oppleve kontrasten til våren nede i bygda. Eg har aldri gått på ski så seint på året før, seier Frank Eriksen, før han legg i veg innover Ringsakerfjellet.

Johannes Haukåssveen har aldri køyrt skiløyper så langt utover våren.
Foto: Bjørn Opsahl/NRKSiste saker frå yr.no
-
Maivarmen lar vente på seg
- Varmeste året som er målt i USA
- Slik kan 17. mai-været bli hos deg
- Variert maivær i hele landet
- Sjekk når vårens siste frostnatt er
- Slik måler ein kor høge bølgjene er
- Kald helg i hele landet
- Årets varmeste dag
- Oppdaget formel for ekstremnedbør
- Aprilsola smeltet ikke marsrekorden
- Hva er egentlig drivhuseffekten?
- Slik spår værprofetene sommerværet
- Knallfin mai-start i Sør-Norge!
- Paraply– og solbrillevær i helgen!
- Sommeren i Europa kan bli varm
- Perfekt innevær denne uken
- Hvorfor splittes regnbuen i to?
- Jordskjelvene i Norge
- Her kan våren bli ekstra våt
- Todelt helg i vår– og vintervær

