No får Fanaråken stasjon for ekstremvarsling
MEIR NØYAKTIG: Ein målestasjon her, på toppen av Fanaråken, vil gi meir nøyaktige vêrmeldingar for dei mange som ferdast i fjella i Vest-Jotunheimen.
Foto: Oddgeir HavnDet er 34 år sidan sist det var ein målestasjon på fjellet Fanaråken i Luster, 2068 m.o.h. Det blir det ei endring på i løpet av sommaren.
Ifølgje Sogn Avis har folk frå Meteorologisk Institutt denne veka vore på Fanaråken med utstyr, men dårleg vêr har stoppa dei i å utføre arbeid i denne omgang.
Ein jobbar no for å få målingar for temperatur og lufttrykk på plass, kanskje i løpet av august. Det vil nok ein gang gi Fanaråken status som den høgastliggjande vêrstasjonen i landet.
- LES OGSÅ:– Mister viktig klimaforskning
Ligg veldig høgt og langt vest
– Fanaråken er ekstra interessant fordi det ligg veldig høgt og langt vest, seier prosjektleiar Tone B. Husebye ved Meterologisk Institutt til avisa.
Fanaråken hadde bemanna målestasjon fram til 1978.
Ein reknar målingar frå Fanaråken som viktige for klimaforskning, men også som grunnlag for betre snøskredvarsling.
- LES OGSÅ:En av de beste vindene i landet
Er eit ledd i klimasatsinga
Målestasjonen vil også bli eit ledd i satsinga på klimaparken 2469. Dette er ei satsing som skal jobbe for å skaffe forståing for globale klimautfordringar.
Oppland fylkeskommune, Fylkesmannen i Oppland og Statens naturoppsyn er mellom fleire som står bak dette.
Totalt finst det om lag 800 målestasjonar rundt om i Norge, mange av dei er automatiske, som på Fanaråken.
Siste saker frå yr.no
Nyt dager i sol og sommervarme - Midtsommeraften i sommervær?
- Slik blir sankthansværet
- Her blir det finvær denne uken
- Derfor regnar det mykje om sommaren
- Blir sommeren varm i år?
- Solrik lørdag i nord, bygevær i sør
- Her har det varmest i år
- Her er det stor skogbrannfare
- Sommeren lar vente på seg
- Slik beregnes skogbrannfaren
- Midt-Norge er værvinnerne
- Meteorologstreiken trappes opp
- Slik blir orkansesongen
- En uke i sol, regn, torden og snø
- Bedre vær i nord, vinterlig i sør
- Varmerekord på Grønland
- Det perfekte lakseværet
- Varmere vår enn normalen
- Mai ble både varm og kald

