Derfor regnar det mykje om sommaren
SOMMARREGN: Denne veka forklarar meteorologen kvifor det kan regne i innlandet medan kyststroka har finver.
Foto: Flickr_vatneSommarferien nærmar seg med stormskritt. Det same gjer lågtrykka.
Spør meteorologen!
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
Ann lurar på kvifor vi ofte får regnbyer om ettermiddagen om sommaren inne i landet, medan det kan vere solskinn langs kysten.
Ho har sendt spørsmålet sitt til yr-meteorologane, og denne veka er det Merete Øiestad som svarar yr-brukaren:
Landjord raskare oppvarma
Om sommaren har du gjerne lagt merke til at vi meteorologar varslar om «utrygt for ettermiddagsbyer i indre strøk».
Grunnen til at desse regnbyene ofte berre opptrer inne i landet og ikkje ved kysten, er at landjorda blir raskare oppvarma enn havet.
Varmt i innlandet
Vi seier at vatn har større varmekapasitet enn bakken. Det vil seie at vi treng mykje meir energi for å varme opp hav enn land.
Dess lenger vekk frå havet vi kjem, dess mindre innvirkning har havet på oppvarminga.
Difor stig temperaturen meir inne i landet enn ved kysten ein solskinnsdag om sommaren.
Les også:
Bakken varmar opp lufta
Kortbølga stråling frå sola går stort sett rett gjennom atmosfæren utan å varme opp lufta noko særleg. Lufta vil difor bli varma opp nedanfrå av den varmare bakken og havet.
Varm luft er lettare enn kald luft, og dermed går den varme lufta oppover. Når lufta stig, blir den avkjølt.

CUMULONUMBUS-SKY: Nedbør i innlandet, og sol og fint utanfor skya.
Foto: Spinach Gunk /Flickr
SOL OG REGNBYER: Typisk norsk sommarvèr ...
Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIXGir regnbyer om sommaren
Kald luft har mindre evne til å halde på vanndamp enn varm luft.
Så viss det er tilstrekkeleg med fuktighet i lufta, blir det danna skyer som kan utvikle seg vidare til byeskyer – cumulonimbus. Altså får vi regnbyer.
Av og til er regnbyene så kraftige at det blir torden òg.
Nokre gongar er det så mykje fuktighet og stor nok oppvarming at vi får ettermiddagsbyer i ytre strøk også.
Spør meteorologen!
- Derfor regnar det mykje om sommaren
- Slik beregnes skogbrannfaren
- Kva er det vi ser rundt sola?
- «Satans vind» i California
- Slik måler ein kor høge bølgjene er
- Hva er egentlig drivhuseffekten?
- Jordskjelvene i Norge
- Derfor smeltar snøen rundt treet
- Solaktivitet påvirker temperaturen
- Ozonlaget og påskesola
- Har du hørt om påskefjæra?
Siste saker frå yr.no
-
Derfor regnar det mykje om sommaren
- Blir sommeren varm i år?
- Solrik lørdag i nord, bygevær i sør
- Her har det varmest i år
- Her er det stor skogbrannfare
- Sommeren lar vente på seg
- Slik beregnes skogbrannfaren
- Midt-Norge er værvinnerne
- Meteorologstreiken trappes opp
- Slik blir orkansesongen
- En uke i sol, regn, torden og snø
- Bedre vær i nord, vinterlig i sør
- Varmerekord på Grønland
- Det perfekte lakseværet
- Varmere vår enn normalen
- Mai ble både varm og kald
- Flere meteorologer tatt ut i streik
- Derfor har det vært sommervær
- Tropevarme i Sør-Norge!
- Er sommerkvoten brukt opp?

