Tørke fører til dårlege avlingar
TØRKE: Bonde Johannes Eggen Mundal ser på det brune og tørre graset. Han seier det er mange år sidan det sist var så tørt.
Foto: Ingvild Nave/NRKDet tørre vêret fører til dårlegare avlingar for bøndene. Mange av målestasjonane har ikkje målt så lite nedbør på 30 år.
I Fjærland held bonde Johannes Eggen Mundal på med slåtten. Det har ikkje regna på lenge i Fjærland i Sogn. Lufta rører seg over bakken, graset knitrar når ein går i det. Her er det tørke.
– Graset har slutta å vekse. Her er det heilt tørt og brunt, typisk tørke, seier Mundal.
For bonden i Sogn betyr det dårlegare avlingar.
– Eg har merka på det eg har slege til no, at det er dårlegare avlingar enn i fjor. Kva det blir totalt sett, har eg ikkje oversikta over ennå.
- LES OGSÅ: Manglar fôr - må kvitte seg med dyr
- LES OGSÅ: Framleis skogbrannfare i fylket
En tredel av normalen

MÅTTE VATNE: Johannes Eggen Mundal har måtte vatne for å avgrense skadane. Han veit enno ikkje korleis avlingane blir total sett.
Foto: Ingvild Nave/NRKDet er tørt over heile det elles så regnrike Vestlandet. Sogn og Fjordane har berre fått ein tredjedel av normal mengde nedbør i juni.
Hordaland har fått knapt halvparten av det som er vanleg. Fleire målestasjonar rapporterer at dei ikkje har hatt så lave tal sidan 1982.
– Far min har drive garden heile livet. Han seier dette må vere den lengste tørkeperioden vi har hatt, seier han.
Mundal har måtte vatne bøane på garden sjølv, for å avgrense skadane frå det tørre vêret.
– Hadde eg ikkje vatna frå tidleg sommar, hadde det vore store område utan avling.
Regn i vente
Stian L. Gundersen ved Vervarslinga på Vestlandet bekreftar Mundal sine mistankar. Det har knapt vore ein tørrare juni i Fjærland.
– Den er førebels på andreplass over lågast målte månadsnedbør for juni.
Men, til helga skal det etterlengta regnet skal kome tilbake til Vestlandet.
– Det er utrygt for nedbør fredag og laurdag. Då er det usikkert om andreplassen vil halde seg. Det ser ut at juni i år vil gå ned på tredjeplass etter helga.
- LES OGSÅ: Her går tidlegpotetene i jorda
- LES OGSÅ: Rekordkrav etter avlingssvikt
Les
Siste saker frå yr.no
«Debby» nærmer seg med stormskritt - En uke i sol og sommervarme
- Fortsatt for kaldt i sjøen?
- Derfor dannes det «flystriper»
- Nyt dager i sol og sommervarme
- Midtsommeraften i sommervær?
- Slik blir sankthansværet
- Her blir det finvær denne uken
- Derfor regnar det mykje om sommaren
- Blir sommeren varm i år?
- Solrik lørdag i nord, bygevær i sør
- Her har det varmest i år
- Her er det stor skogbrannfare
- Sommeren lar vente på seg
- Slik beregnes skogbrannfaren
- Midt-Norge er værvinnerne
- Meteorologstreiken trappes opp
- Slik blir orkansesongen
- En uke i sol, regn, torden og snø
- Bedre vær i nord, vinterlig i sør

