yr.no kåra til beste nett-teneste
yr.no stakk av med to av prisane då Dataforeningen delte ut Rosingprisane måndag kveld.
Kvart år delar Den Norske Dataforening ut Rosingprisane for å stimulere til kreativitet, brukskvalitet og nyskaping innanfor den norske programvarebransjen. Prisane er ein slags «Oscar» for den norske IT-bransjen.
yr.no var på finaleplass i tre kategoriar:
- Beste nett-teneste . yr.no var finalist saman med findmyfriends.no og gulesider.no/kart
- Brukarvenlegheitsprisen . yr.no var finalist saman med «Inga hindring» (Sosial- og helsedirektoratet) og SISOM (Rikshospitalet).
- Språkprisen . yr.no var finalist saman med korrekturavdelingen.no .
yr.no vann prisane i to av kategoriane, beste nett-teneste og språkprisen. Dei to prisane vart delte ut av samferdsleminster Liv Signe Navarsete og leiar i Språkrådet Sylfest Lomheim.
- Dei ansvarlege har gjort eit omfattande nybrottsarbeid for å visualisere store mengder komplisert data på ein lettfatteleg måte for publikum, sa Navarsete då ho delte ut prisen.
Meir info på Rosing-prisen
NRK og Meteorologisk institutt
Yr.no vart offisielt lansert 19. september, og er eit samarbeid mellom NRK og Meteorologisk institutt. Tenesta er unik i europeiske samanheng, med svært detaljerte varsel og ein open datapolitikk. yr.no tilbyr mellom anna time-for-time-varsel og 10-dagarsvarsel for 700 000 stader i Noreg i tillegg til varsel for 6,3 millionar stader i utlandet.
- Det viktigaste innovasjonsgrepet yr.no har gjort er å gjere alle sine vêrdata fritt og ope tilgjengeleg, sa Navarsete under prisutdelinga.
Tenesta har blitt svært populær etter lanseringa. I førre veke hadde yr.no nesten 430 000 unike brukarar.
Oppkalla etter fyrste IT-gründer
Bygningsingeniøren Fredrik Rosing Bull (1882-1925) utvikla den fyrste norske hullkortmaskina då han var tilsett i forsikringsselskapet Storebrand. Den fyrste maskina stod ferdig i 1921, og var langt meir fungerande og effektiv enn konkurrenten frå amerikanske Hollerith (forløparen til IBM).
Bull døydde i 1925, 42 år gamal. Maskina han utvikla vart teke i bruk i fleire europeiske forsikringsselskap og var seinare grunnlaget for etableringa av den franske datagiganten Bull.
(NRK)Siste saker frå yr.no
-
Glatt som bare dét!
- - Sol er sunt!
- Vind+kulde=ekstra kaldt
- yr.no kåra til beste nett-teneste
- Temperaturen neste tre måneder
- Meteorologenes gode hjelpere
- 99,3 prosent er nøgde med yr.no
- Snødybdemålinger
- Ny versjon av yr.no
- En norsk orkan!
- Stormen beveget seg som ventet
- Liten storm i ytre Oslofjord
- Vinden langs kysten minker
- Følg uværet i Nordsjøen
- Hvorfor heter det orkan?
- Bølgevarsel opprettholdes
- Litt varmere, litt våtere
- Havet stiger dobbelt så raskt
- Trafikken kan øke i Arktis
- Falske ekko
Varmast-kaldast-våtast
| 21. nov. kl 19 til 22. nov. kl 7 | |
|---|---|
| Sørkjosen Lufthavn | 9,4 °C |
| Sihcajavri | -7,1 °C |
| Takle | 13,3 mm |
| 22. november kl 7 til 19 | |
| Fister-Sigmundstad | 9,9 °C |
| Cuovddatmohkki | -10,0 °C |
| Konsmo-Høyland | 25,0 mm |