Over ein million brukarar på yr.no

Rekordane kjem hyppig for yr.no for tida: I førre veke førte dårleg 17. mai-vêr til at over ein million unike brukarar var innom sidene.
Publisert 19.05.2008 23:53.
- Skriv ut
Fakta: Nettstatistikk
- TNS Gallup er ansvarlege for registreringa av norsk nettbruk. Dei lagar mellom anna Topplista, som er den offisielle lista over dei største norske nettstadene.
- Gallup målar m.a. kor mange unike brukarar som er innom ei nettside kvar veke.
- Ein unik brukar er ei enkeltmaskin. D.v.s. at om du brukar ei nettside både heime og på jobb blir du registrert som to brukarar. To personar som nyttar same heimemaskin blir registrert som ein brukar.
- Ei sidevisning er kvar gong ei side blir vist (om du er på både framsida, ei varsel-side + time for time på yr.no, er dette tre sidevisningar).
Det er berre to veker sidan førre brukarrekord på yr.no: Den fyrste veka i mai var det 838 000 unike brukarar innom yr.no. Denne rekorden vart grundig slått i førre veke.
- Det dårlege 17. mai-vêret, særleg i Oslo, førte til ny rekord i bruken av yr.no, fortel informasjonsdirektør Heidi Lippestad i Meteorologisk institutt. Midt på dagen ble det målt 4,8 gradar i Oslo. Det er det kaldaste som er målt klokka tolv på Blindern på i alle fall femti år.
Bruken av yr.no auka kraftig frå 12. mai, og eksploderte 16. mai: Denne eine dagen vart det faktisk vist over to millionar varsel!
Jamn vekst frå lanseringa
yr.no vart offisielt lansert 19. september 2007 etter å ha vore tilgjengeleg i testversjon i nokre månader. Bruken av sidene har auka jamnt heile tida, med ekstra toppar når det har vore dårleg vêr eller store høgtider som påske og 17. mai.
Grafen nedanfor viser utviklinga i unike brukarar i veka for yr.no (kjelde: TNS Gallu)p.

Siste saker frå yr.no
Hvorfor yr meldte feil vær - Jordbærene er her
- Limousin-meteorologene
- Endelig snøfritt i Tromsø
- Dårlig nytt for de øltørste
- Over ein million brukarar på yr.no
- Superkaldt i Oslo på 17. mai
- Færre men kraftigere orkaner
- Sommeren blir best i nord
- Nasjonalsymbol på flyttefot
- Badetemperaturer
- Rekordmye klimagasser i atmosfæren
- Isen i Arktis er tapt
- 17. mai i Halden
- 17. mai i Oslo
- 17. mai på Rena
- 17. mai på Nelaug
- 17. mai i Kristiansand
- 17. mai i Stavanger
- Få gratis varsel frå yr.no
Varmast-kaldast-våtast
| 28. mai kl 8 til 20 | |
|---|---|
| Fister_sigmundstad | 24,4 °C |
| Skåbu-Storslåen | -2,5 °C |
| Tromsø | 2,0 mm |
| 28. mai kl 20 til 29. mai kl 8 | |
| Vossevangen | 23,2 °C |
| Dagali | -1,9 °C |
| Stavanger/Sola | 6,0 mm |



