16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Førskulelærarutdanning - deltid

Klikk for større bilete

Høgskulen i Sogn og Fjordane har ei førskulelærarutdanning på deltid med vekt på naturoppleving, uteaktivitet og friluftsliv. Det er stor interesse for naturbarnehagar, utebarnehagar og barnehagar med vekt på friluftsliv. Nærmiljøet i Sogndal er godt eigna til uteaktivitetar av alle slag, frå fjord til fjell.

Studiet er fleksibelt, men følgjer ein fastlagt plan. Studiestad Sogndal.

Det er oppstart annakvart år. Neste opptak haust 2007.

  • Studiet går over fire år med tilsaman 180 studiepoeng
  • Ca 45 studiepoeng kvart år
  • Fem til seks vekesamlingar i året med fast plan før studiestart
  • Felles oppstart i Sogndal
  • Nettstøtta undervisning på lærestøttesystemet Classfronter
  • Tverrfaglege tema, dels saman med heiltidsutdanninga
  • Eigenstudium og lokale studiegrupper
  • Praksis: 18 veker i barnehage og to veker i 1. klasse i grunnskulen - i pendlaravstand
  • Fordjupingseininga Utefag på 30 studiepoeng

Studieinformasjon

»  Plan for vekesamlingane 2005 - 2009
 
»  Plan for samlingane for deltidsutdanninga 2006 - 2007
 


Sist endra av: Tor W. Eikemo, 15. januar 2007 10:13:11
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 14:40:09

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane