Patentstyret
Patentstyret
Forundersøking
Kan det tenkjast at den nye oppfinninga di ikkje er så ny?
Kan nokon andre eige det nye varemerket ditt?
Er den nye designen din eigentleg din?
Bør du vite kva konkurrenten gjer?

Tenkjer du nytt innanfor teknikk, varemerke eller design, kan ei forundersøking gi deg opplysningar som blir avgjerande for planane dine. Og best av alt: Du får dei viktige opplysningane på nokre dagar!

Under kategoriane patent, varemerke og design har vi lista opp ei rekkje situasjonar der ei forundersøking vil ha stor verdi. Men det finst langt fleire alternativ – kontakt oss og fortel om behovet ditt! Vi har fagingeniørar, juristar, bibliotekarar og røynde saksbehandlarar som gir deg den viktige informasjonen – så du kan ta dei rette avgjerslene.
 

Les om forundersøkingar i nyskapingsprosessen:

pil "Fra idé til kommersialisering - en grafisk fremstilling"
 

Les om konkurrentovervakning på:

pil patent (se pkt 8. Periodisk overvåking av patentsøknader)
pil varemerke (se pkt 5. Overvåking av varemerkesøknader)
   

Leveringstid og hasteoppdrag

Dersom ikkje anna er avtalt garanterer Patentstyret følgjande leveringstider:
pil Patent: 5-10 vyrkedagar
pil Varemerke: 5 vyrkedagar
pil Design: 3 vyrkedagar

Mot eit tillegg i prisen kan du også få utførd hasteoppdrag innan 24 timar.

Konfidensiell behandling

Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.
 

ISO-sertifisert teneste

Forundersøkingar til Patentstyret er no ISO-sertifisert - eit internasjonalt standardisert kvalitetssikringsssystem.

pil Korleis bestille ei forundersøking  

 

Sist endret: 12.02.2008


Utviklet i samarbeid med Gazette