Patentstyret
Patentstyret
Design
Forundersøkingar

Kvifor bør du kjøpe ei forundersøking?

Forma og utsjånaden til ei vare er ofte heilt avgjerande for om produktet blir ein kommersiell suksess. Men utvikling av ny design kan føre til store utgifter, og tidleg i idéutviklinga har du mykje å hente på å undersøkje kva for designar som finst frå før.

Patentstyret gjer grundige, raske og rimelege undersøkingar for deg! Vi gir deg også opplysningar om konkurrerande verksemder, og idear og inspirasjon til vidare utvikling. Vi har eit unikt nasjonalt designregister, og medarbeidarar med særleg kompetanse i å finne fram relevante data ut frå til behovet ditt.
 

Vi tilbyr desse tenestene:

1. Rettigheitssøk
Vi undersøkjer om det finst varer eller ornament som er registrerte eller søkt registrerte tidlegare, og som er identiske med eller liknar på vara eller ornamentet du nemner.
Du får ei oversikt over kva for registrerte design eller designsøknader som finst i Noreg for ein bestemt type vare eller for eit ornament til ein bestemt type vare.
Vil du vite meir?

2. Oversikt over andre sine design
Du får svar på om ein bestemt person eller et bestemt føretak har oppnådd designregistrering eller har levert inn ein designsøknad i Noreg.
Vil du vite meir?

3. Statistikk
Du kan få statistikk av designinformasjon ved å kombinere opplysningar om designar, innehavar, fullmektig, søknadsnummer/-dato, registreringsnummer/-dato, type søknad, Locarno-klasse (hovudklasse) og status.
Vil du vite meir?

4. Andre typar forundersøkingar
Vi vil også prøve å hjelpe deg dersom du ønskjer å få utført andre typar undersøkingar enn dei som går fram av denne oversikta.
Vil du vite meir?

 

Generelle atterhald:

Ver merksam på dette:

  • eit endeleg svar frå Patentstyret om registrerbarheita til designen kan du berre få i samband med ein designsøknad
  • vi undersøkjer på grunnlag av dei kjeldene som er tilgjengelege i Patentstyret.
  • i tida mellom eit rettigheitssøk og eventuell innlevering av ein designsøknad kan det ha blitt innlevert andre designsøknader som kan hindre registrering av designen din.
  • eit rettigheitssøk gir deg ikkje prioritet. Prioritet vil du først få når du leverer inn ein designsøknad.
  • vi søkjer på namet til den opphavlege søkjaren/innehavaren. Designregisteret er ikkje oppdatert på innehavar av den einskilde designregistreringa, sidan vi ikkje krev dokumentasjon for overføringar.

  Korleis bestille ei forundersøking 
  Tidsforbruk og levering
  Prisliste

 


Vil du vite meir om forundersøkingar

1. Rettigheitssøk
Når kan det vere nyttig med eit rettigheitssøk?

  • Når du ønskjer svar på om designen din verkeleg er ny, eller om han alt er registrert av andre.
  • Når du ønskjer å få eit grunnlag til å vurdere om designen din kan krenkje andre sine designrettar.
  • Når du ønskjer inspirasjon til design på produktet ditt.

2. Oversikt over andre sine design
Når kan det vere nyttig med eit namnesøk?

  • Når du ønskjer ei oversikt over designsøknadene til konkurrentane dine eller designar som alt er registrerte.
  • Når du ønskjer å vite om konkurrenten din har levert inn ein designsøknad i Noreg i dei siste seks månadene.
  • Når du ønskjer å følgje med på utviklingsstrategiane til konkurrentane dine.

3. Statistikk
Døme på det vi kan tilby:
Talet på designsøknader, for ein bestemt tidsperiode

  • sortert på designar
  • sortert etter opphavslandet til designaren
  • sortert etter postnummeret til den norske designaren
  • sortert på innehavar
  • sortert etter opphavslandet til innehavaren
  • sortert etter postnummeret til den norske innehavaren
  • sortert på fullmektig
  • sortert etter bransje
  • sortert etter type søknad
  • sortert etter statusen til søknaden
  • kombinasjon av alle punkta ovanfor

4. Andre typar forundersøkingar
Forundersøkingar kan tilpassast ønska og behova dine.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer andre typar undersøkingar enn dei du finn i dette skjemaet. Vi vil så langt vi kan prøve å oppfylle ønska dine.
 

Viktig informasjon

  • Vi diskuterer gjerne forundersøkinga med deg før vi går i gang. 
  • Vi kontaktar deg i alle tvilstilfelle.
  • Vi gir deg raske svar.
  • Vi går gjerne gjennom svaret med deg.
     

 

Sist endret: 25.10.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette