Patentstyret
Patentstyret
Varemerke
Forundersøkingar

Kvifor kjøpe ei forundersøking?

Eit godt varemerke representerer ofte store verdiar. For å hindre at du bruker pengar på og tek i bruk varemerke som andre alt har retten til, bør du gjere undersøkingar tidleg i idéutviklinga.

Patentstyret gjer grundige, raske og rimelege undersøkingar for deg. Vi gir deg opplysningar om konkurrerande verksemder, og med hjelp frå våre rådgivarar og rettleiarar kan du få idear og inspirasjon til vidare utvikling. Vi søkjer i det nasjonale varemerkeregisteret vårt og i internasjonale databasar, og medarbeidarane våre har særleg kompetanse i å finne fram relevante data i samsvar med behovet ditt.

Individuell tilpassing

Forundersøkingar kan tilpassast ynska og behova dine. Ta gjerne kontakt med oss dersom du heller vil ha andre typar undersøkingar enn dei som kjem fram her. Så langt det lèt seg gjere, vil vi prøve å oppfylle ynska dine.
 

 

Vi tilbyr desse tenestene:

1. Liste over varemerke som kan forvekslast
Vi undersøkjer om det i Noreg eller i utlandet finst varemerkesøknader eller -registreringar som er identiske med eller liknar på det varemerket du oppgir. Dersom vi finn slike varemerke, får du ei liste over dei. I Noreg gjeld undersøkinga alle typar varemerke, men i utlandet gjeld undersøkinga berre ordmerke.
Vil du vite meir?

2. Vurdering av registrerbarheit i Noreg
Vi uttalar oss om eit bestemt varemerke kan registrerast i samsvar med varemerkelova.
Vil du vite meir?

3. Oversikt over andres varemerker
Vi undersøkjer om ein bestemt person eller eit bestemt føretak har fått registrert eit varemerke eller har levert inn ein varemerkesøknad i Noreg eller i utlandet.
Vil du vite meir?

4. Statistikk
Du kan få statistikk av varemerkeinformasjon ved å kombinere opplysningar om innehavar, søkjar, fullmektig, søknadsnummer/-dato, registreringsnummer/-dato, type søknad, Nice klasse (hovedklasse) og status.
Vil du vite meir?

5. Overvaking av varemerkesøknader
Du får periodisk svar om
- den formelle statusen til ein bestemt varemerkesøknad
- all korrespondanse knytt til ein bestemt varemerkesøknad
- ein bestemt person eller eit bestemt føretak har fått registrert eit varemerke eller har levert inn ein varemerkesøknad i Noreg eller andre land
Vil du vite meir?
Les også artikkelen "Industrispioner - med statlig lisens"  

 

Generelle atterhald

Ver merksam på dette:

  • Patentstyret gjennomfører granskinga på grunnlag av dei kjeldene som er tilgjengelege for oss. Det omfattar ikkje varemerke som har vern på grunnlag av innarbeiding.
  • Det kan kome inn varemerkesøknader frå utanlandske søkjarar som har betre prioritet, og som førebels ikkje er registrerte i databasane våre.
  • Det kan kome inn søknader i tida mellom denne forundersøkinga og den eventuelle varemerkesøknaden din, som kan hindre deg i å få registrert varemerket ditt.
  • Vi undersøkjer ikkje om det finst liknande føretaksnamn.
  • Eit rettigheitssøk gir deg ikkje prioritet. Prioritet får du først når du leverer inn ein varemerkesøknad.
  • Patentstyret gir eit endeleg svar om registrerbarheit for eit varemerke berre i samband med ein varemerkesøknad.

pil Korleis bestille ei forundersøking
pil Tidsforbruk og levering
pil Prisliste



Meir om tenestene våre

1. Liste over varemerke som kan forvekslast
Når kan det vere nyttig å få utført ei slik forundersøking?

  • Når du vurderer å ta i bruk eit bestemt varemerke eller å søkje om å få registrert eit varemerke, og lurer på om varemerket er unikt.
  • Når du vil finne ut om varemerket ditt kan krenkje varemerkerettane til andre.
  • Når du vil forsikre deg om at varemerket ikkje er registrert av andre, før du bruker pengar på marknadsføring.
  • Når du ynskjer å vite om varemerket du søkjer om i Noreg, er søkt av ein annan i utlandet i dei siste seks månadene. Ei slik utanlandsk søknad kan ha betre prioritet enn den norske søknaden din.
     

2. Vurdering av registrerbarheit i Noreg
Vi undersøkjer

  • om varemerket har særpreg, og sjekkar varemerket mot aktuelle ordbøker og oppslagsverk;
  • om det i Noreg finst registrerte varemerke eller varemerkesøknader som er identiske med eller liknar på varemerket;
  • om det finst andre registreringshindringar med heimel i varemerkelova.

Når kan det vere nyttig å få utført ei slik forundersøking?

  • Når du vurderer å ta i bruk eit bestemt varemerke eller å søkje om å få registrert eit varemerke, og lurer på om varemerket er unikt.
  • Når du vil finne ut om varemerket ditt kan krenkje varemerkerettane til andre.
  • Når du vil forsikre deg om at varemerket ikkje er registrert av andre, før du bruker pengar på marknadsføring.
  • Når du, før du satsar i utlandet, vil få ei vurdering av om varemerket er registrerbart i Noreg med heimel i varemerkelova.
     

3.  Oversikt over andres varemerker
Når kan det vere nyttig å få utført ei slik forundersøking?

  • Når du ynskjer ei oversikt over varemerkesøknadene eller -registreringane til konkurrentane dine.
  • Når du vil vite om konkurrenten din har levert inn ein varemerkesøknad.
  • Når du vil følgje med på varemerkestrategiane til konkurrentane dine.
     

4. Statistikk
Døme på det vi kan tilby:
Talet på varemerkesøknader, for ein bestemt tidsperiode

  • Sortert på innehavar
  • Sortert etter opphavslandet til innehavaren
  • Sortert etter postnummer til den norske innehavaren
  • Sortert på søkjar
  • Sortert etter opphavslandet til søkjaren
  • Sortert etter postnummer til den norske søkjaren
  • Sortert på fullmektig
  • Sortert etter bransje
  • Sortert etter type søknad
  • Sortert etter status til søknaden
  • Kombinasjon av alle punkta ovanfor


5. Overvaking av varemerkesøknader
Overvakinga kan utførast ein gong i månaden eller ein gong kvar 14. dag. Du avgjer sjølv om du vil ha ei periodisk stadfesting på at undersøkinga er gjord, eller om du berre vil ha tilsendt informasjon når det har kome nye opplysningar. Du kan avslutte overvakinga når du vil.

Når kan det vere nyttig å få utført ei slik forundersøking?

  • Når du kjenner til ein bestemt varemerkesøknad, og ynskjer å få melding om det dersom varemerket blir registrert eller avslått. 
  • Når du kjenner til ein bestemt varemerkesøknad, og ynskjer å få tilsendt alle nye dokument under saksbehandlinga.
  • Når du vil bli underretta om eventuelle framtidige varemerkesøknader som eit bestemt føretak leverer inn.
  • Når du vil vite om konkurrentane dine har levert inn varemerkesøknader i Noreg eller i andre land.
  • Når du vil ha høve til å levere inn ein protest i ein varemerkesøknad eller ei motsegn mot ei ny varemerkeregistrering.
     

  

Sist endret: 16.11.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette