Kvifor bør du kjøpe ei forundersøking?
Unngå å bruke tid og pengar på å finne opp hjulet på nytt! Vi gir deg opplysningar om den siste tekniske utviklinga på området ditt som du kan ha stor nytte av i framkant av tekniske utviklingsprosjekt. Vi gir deg også opplysningar om konkurrerande verksemder, idear, inspirasjon til vidare utvikling og mykje, mykje meir!
Eit søk i databasen til Patentstyret og i andre relevante databasar verda over kan gi deg verdifull informasjon om teknisk utvikling og eigedomsrettar på fagområdet ditt. 80 % av all teknisk nyskaping er omtalt berre i desse kjeldene. Vi gjer også søk i relevante tidsskrifter.
Patentstyret gjer grundige og rimelege undersøkingar for deg!
Vi tilbyr desse tenestene:
1. Søk innanfor eit teknisk område eller eit emneDu får ei oversikt over kjende tekniske løysingar innanfor eit bestemt teknisk område eller innanfor eit emne du er interessert i.Vil du vite meir?
2. Er teknikken kjend?Du får svar på om ei teknisk løysing tidlegare er kjend – med eller utan kommentar frå saksbehandlaren.Du får svar på om andre har patentert eller har søkt patent på ein bestemt framgangsmåte, ein bruksmåte eller eit produkt i Noreg og/eller andre land.Vil du vite meir?
3. PatenterbarheitDu får svar på kor sannsynleg det er at oppfinninga di (eller ei gitt løysing) kan patenterast.Vil du vite meir?
4. Patentfamilie: Geografisk utbreiingDu får svar på i kva land eit bestemt patent er søkt. Vil du vite meir?
5. Oversikt over andre sine patenter Du får svar på om ein bestemt person eller et bestemt føretak har fått innvilga patent eller har søkt patent i Noreg og/eller i utlandet.Vil du vite meir?
6. Oversikt over nærliggjande patent/-søknaderDu får svar på kva som er sitert i eit spesielt patent, eller om patentet er sitert av andre.Vil du vite meir?
7. StatistikkDu kan få statistikk av patentinformasjon ved å kombinere opplysningar om søkjar, oppfinnar, fullmektig, søknadsnummer/-dato, patentnummer/-dato, type søknad, IPC (hovudklasse) og status.Vil du vite meir?
8. Periodisk overvaking av patentsøknader Vi sender deg jamlege opplysningar rundt tema du ønskjer oversikt over:- eit teknisk område- patentfamilie: geografisk utbreiing- andre sine patenter- nærliggjande patent/-søknader- statisitikk- eit bestemt patentVil du vite meir?Les også artikkelen "Industrispioner - med statlig lisens"
Generelle atterhald
Ver merksam på dette:
Korleis bestille ei forundersøking Tidsforbruk og levering Prisliste
Vil du vite meir om forundersøkingar?
1. Søk innanfor eit teknisk område eller eit emne
2. Er teknikken kjend?Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
3. PatenterbarheitNår kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
4. Patentfamilie - geografisk utbreiingNår kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
5. Oversikt over andre sine patenterNår kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
6. Oversikt over nærliggjande patent/-søknaderSitering: dokument som saksbehandlaren trekkjer fram under behandlinga av patentsøknaden, og som kan vere heilt eller delvis til hinder for patent.Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
7. StatistikkDøme på det vi kan tilby:Talet på patentsøknader, for ein bestemt tidsperiode
8. Overvaking Når kan det vere nyttig å få utført ei forundersøking?
Du avgjer sjølv kor lenge overvakinga skal vare: ei halvt år, eit år eller inntil du seiar opp overvakinga. Og du avgjer sjølv frekvensen på overvakinga.
9. Andre typar forundersøkingar Forundersøkingar kan tilpassast ønska og behova dine.Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer andre typar undersøkingar enn dei som er omtalte her. Vi vil så langt vi kan prøve å oppfylle ønska dine.
Viktig informasjon