Tjenester

Dommen blir avgjort i samsvar med gjeldande lover og rettsreglar, men det må også i mange høve brukast skjøn i den einskilde saka.

Beløpsgrense

Det er sett ei beløpsgrense på 125 000 kroner. Dersom tvistesummen er under denne beløpsgrensa kan forliksrådet avseie dom så lenge éin av partane ber om det. Dersom forliksrådet skal avseie ein dom vedkomande ein tvistesum som er over beløpsgrensa, må begge partar be om dom.
Det er likevel eit unntak frå dette dersom det er snakk om ein fråværsdom der klagemotparten ikkje har gjeve tilsvar eller ikkje har møtt til møte. Då held det at klagar har bede om dom i forliksklagen.

Dom utan rettsmøte

Etter ønskje frå klagemotpart kan det bli avsagt dom utan rettsmøte dersom klagemotpart i tilsvaret har godteke kravet.

Ein dom i forliksrådet kan tvangsgjennomførast via namsmannen dersom den ikkje blir oppfylt frivillig.

Kontaktinformasjon