Kva for rettar har arbeidsgivarar og tilsette i bransjar der det blir samla inn store mengder detaljerte opplysningar om dei tilsette. Vurderingane vil særleg gjelde i kundesenterbransjen.
Avtalar
I rettleiaren blir det understreka kor viktig det er med avtalar mellom arbeidsgivar og representantar for dei tilsette om registrering og bruk av personopplysningar. Dette vil kunne redusere personverntrusselen og gi ei større grad av tryggleik for den einskilde. Avtalen bør mellom anna angi kva opplysningstypar arbeidsgivaren ønskjer, kva opplysningane skal brukast til og korleis opplysningane vil bli nytta. Ein slik avtale vil kunne fungere som argument for behandling av personopplysningar til lovlege kontrolltiltak. I rettleiaren er det skildra nærmare kva denne typen avtale bør innehalde.
Ulike formål med opplysningane
Opplysningane frå detaljregistreringar blir etter Datatilsynets erfaring nytta til tre hovudformål; berekning av prestasjonslønn, ressursplanlegging og måling/oppfølging av dei tilsette. Verksemda står fritt til velje om den vil lønne dei tilsette etter prestasjonar, men dette må vere avklart i den individuelle arbeidsavtalen. Når verksemda treng opplysningar som er nødvendige for arbeidsplanlegginga, bør det vere tilstrekkeleg å vite korleis teamet eller gruppa totalt sett presterer. Så lenge statistikken blir teken ut på gruppenivå, vil det ikkje utgjere ein personverntrussel. Når det gjeld måling og oppfølging av dei tilsette, kan det fort oppfattast som ubehagelege kontrolltiltak, samtidig som ein viss kontroll må kunne vere forventa i arbeidslivet. Arbeidsgivaren og dei tilsette sine interesser må derfor vegast opp mot
Les heile rettleiaren her (pdf-format)