Gulating lagmannsrett /  Straffesaker / 

Straffesaker

Både påtalemyndigheten og tiltalte (domfelte) har i utgangspunktet rett til å anke til lagmannsretten. Men ankande part kan ikkje alltid krevje at anken skal takast under behandling. Ei viktig oppgåve for lagmannsretten er å vurdere om ein anke i ei straffesak skal tilvisast til ankeforhandling. Denne prosessen vert populært kalla for ”siling”.

Ein anke skal behandlast i lagmannsrett med mindre dei tre lagdommarane som prøver anken, samrøystes finn det klart at anken ikkje vil føra fram. Anker frå domfelte i saker med strafferamme på fengsel i meir enn 6 år skal alltid behandlast. På den andre sida gjeld at anke i saker som berre gjeld bot og/eller inndraging, krev særskilt samtykke frå tre av dei dommarene som til ei kvar tid gjer teneste i det såkalla kjæremålsutvalet for å sleppe inn.

Når anken gjeld skuldspørsmålet, skal saka avgjerast av ein lagrette (jury) dersom strafferamma i saka er fengsel i meir enn 6 år. I andre saker vert både skuldspørsmålet og straffutmålinga avgjort av ein meddomsrett med tre juridiske dommarar og fire lekdommarar.

Gjeld anken berre straffutmålinga i saker der strafferamma er høgare enn fengsel i 6 år, skal saka behandlast av ein meddomsrett med tre juridiske dommarar og fire lekdommarar. I andre saker skal straffutmålingsanker og anker over saksbehandlinga og lovbruken behandlast av tre juridiske dommarar.

 

Lagrettesalen i Bergen tinghus

 

Innkalling av lagrettemedlemar 

Til kvar sak som skal behandlast med lagrette vert det trekt ut og kalla inn 14 + 2 lagrettemedlemar, like mange kvinner og menn.

Hovudforhandlinga i lagrettesaker 

Det er statsadvokatane som fremjer ankesaka og har ansvaret for stemning av tiltalte, vitner og eventuelle sakkunnige.

Domsavseiing/avslutning 

Etter at lagretten har gitt si avgjerd, skal det, om tiltalte er funnen skuldig heilt eller delvis, seiast dom etter avslutningen av forhandlingane og domsrådslaging. Det er vanleg at dommen vert skreven og avsagt på staden etter ein kort pause.

Hovudforhandling i andre straffesaker 

Straffesaker som kjem til ankeforhandling, vert behandla ved meddomsrett med tre juridiske dommarar og fire lekdommarar dersom det gjeld bevisanker i saker der maksimalstraffa er lågare enn fengsel i 6 år, eller straffutmåling i saker der strafferamma er fengsel i 6 år eller høgare.

Andre ankesaker vert behandla av tre juridiske dommarar. Slike ankesaker kan også, dersom partane samtykkjer, behandlast skriftleg, men det skjer sjeldan. Elles vert dei stort sett behandla på same måte som i første instans.

 

Rådslagningsrommet

 

Kjæremål i straffesaker/fengslingssaker 

Kjæremål i straffesaker/fengslingssaker vert behandla på grunnlag av dokumenta i saka av 3 dommarar i lagmannsretten sitt kjæremålsutval. Dette utvalet er ein del av den indre organiseringa av lagmannsretten. Kjæremålsutvalet har som oppgåve å behandla mellom anna fengslingskjæremål. Fengslingskjæremål vert avgjort så raskt som mogeleg, ofte same dag.