Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i Noreg med 35 dommarar og 19 saksbehandlarar. Setet er i Bergen.
Lagdømet omfattar vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Domstolen behandlar anker i sivile saker og straffesaker, overskjønn, kjæremål i straffesaker og kjæremål i sivile saker.
Gulating lagmannsrett har sete i Bergen tinghus, Tårnplassen 2. Ekspedisjonen er i første etasje. Lagmannsretten disponerar i alt fem rettssalar i første og andre etasje. Den store lagrettesalen er i andre etasje. Det er også faste rettsstader utanfor Bergen.
Det vert arbeidd med planar om eit nytt tinghusbygg for Gulating lagmannsrett, sentralt plassert framfor Rådhuset i Bergen. Eit nytt bygg vil kunne stå ferdig om nokre år, avhengig av når det vert gitt bevilgningar.
I straffesaker frå Rogaland er Stavanger rettsstad, men når det er tenleg kan lagmannsretten også setje rett andre stader.
I sivile saker er dei faste rettsstader for kvart lagsokn i sivile saker:
Hordaland, Sogn og Fjordane: Bergen, Florø og Nordfjordeid.
Rogaland: Stavanger og Haugesund.
Sivile saker vert likevel gjerne lagt til andre stader i distriktet når det er praktisk, ofte etter ønskje frå partane.
Mange av sakene i Rogaland går føre seg i Stavanger, der lagmannsretten har eigne kontor og tre rettssalar i 3. etasje i Stavanger tinghus. Det er tilsett ein kontormedarbeidar i Stavanger for mellom anna å yte betre teneste til media og andre.

Avtrykk av det gamle Gulatingseglet står i Deplomatrium Norvegicum 662 og er datert 23.06.1421.