Gulating lagmannsrett /  Meddommarar og lagrettemedlemer / 

Meddommarar og lagrettemedlemer

Uttrekking til den einskilde sak

I så god tid som mogeleg, eller seinast ei veke før saka tek til vert det trekt ut lagrette-medlemer (jury) eller meddommarar, jf domstollova § 95.

Til lagrettesaker vert det trekt ut 16 lagrettemedlemer, like mange kvinner og menn. Når saken tek til er det 10 medlemer i lagretten: 5 kvinner og 5 menn. Dei 6 andre som er kalla inn er "skotne ut" av aktor og forsvarar, eller dei er frie ved loddtrekking.

I saker med meddommarar, vert det trekt ut 4 meddommarar og 2 varameddommarar. Også her er det like mange kvinner og menn. Dersom dei 4 som er trekt ut som meddommarar møter fram, og ingen av desse er ugilde eller av andre grunnar er uskikka til å gjere teneste, vert dei 2 varameddommarane gjeve fri.

Uttrekkinga av lagrettemedlemer og meddommarar er elektronisk i eit datasystem som er spesielt oppretta for dette foremål.

Fritak for teneste i den einskilde sak

Når ein er valt til lagrettemedlem eller meddommar, skal det mykje til for å bli friteken frå teneste i den einskilde sak.

Domstollova § 105 stiller svært strenge krav til forfall (fritak):

"Hvis et lagrettemedlem, en meddommer eller et rettsvitne har gyldig forfall, plikter han å melde det i tide. Til gyldig forfall medregnes omstendigheter som fører til at vedkommende ikke uten fare for helbred eller uten å forsømme viktige og uoppsettelige forretninger eller plikter kunne ha møtt. Som gyldig forfall kan også godtas særlig lang reisetid eller reiselengde mellom bopel og rettssted. For lagrettemedlemmer og meddommere regnes ingen andre offentlige verv som gyldig forfall enn vervet som medlem av Storting og fylkesting, militærtjeneste og tjeneste ved høyere rett."

Ein må grunngje ein søknad om fritak med eit eller fleire av dei ovanståande forhold. Søknad må sendast snarast råd.

At arbeidsoppgaver, ferie og liknande må utsetjast eller vike på grunn av tenestegjeringa er vanlegvis ikkje fritaksgrunn.

Plikta til å møte som lagrettemedlem eller meddommar går føre dei plikter ein har i sitt ordinære arbeid, som då i nødvendig utstrekning må tilpassast til tenestegjeringa som lagrettemedlem eller meddommar.