Gulating lagmannsrett /  Sivile saker / 

Sivile saker

Dommar frå tingrettane kan som hovudregel ankast til lagmannsretten når verdien av ”ankegjenstanden” overstig kr 50 000. Anken skal sendast den domstol som har avsagt den dommen ein ønskjer å angripe, og kan vere skriftleg eller munnleg. Ved skriftlig anke må det nyttast advokat.

Ankefristen i sivile saker er ein månad.

 

Saksførebuing

Når saka kjem inn, vert ho registrert og fordelt til ein av dei to avdelingane etter tur. I avdelinga vert saka tildelt ein saksførebuande dommar, samt ein saksbehandlar. Samstundes vert saka vurdert for rettsmekling. Førebuande dommar har ansvaret for framdrift av saka. I vanskelegare saker kan det vera spørsmål om mellombels tiltak, stengjing for bevis ved orskurd, fri sakførsel, oppnemning av sakkunnige, fagkunnige eller andre meddommarar. Førebuande dommar har ansvar for dei juridiske spørsmål under saksførebuinga.

Det er høve til å halde munnleg saksførebuande møte i lagmannsretten, men det er ikkje vanleg. I så fall er det førebuande dommar åleine som leier slike møter.

I dei fleste sivile ankesaker er det ikkje behov for saksførebuing ut over ankeerklæring og tilsvar. I desse tilfella må førebuande dommar sørgje for å hente inn dei opplysningar lagmannsretten treng for å få tillyst saka, så raskt som mogeleg.

Førebuande dommar har ansvaret for saksførebuinga inntil det er fastsett kva for dommarar som skal delta i ankeforhandlinga. Då går ansvaret over til rettens formann.

I nokre saker skal meddommarar delta. I saker som krev spesiell kompetanse, kan partane krevje at retten skal setjast med fagkunnige meddommarar. Dette kan også avgjerast av retten. I desse tilfella vert meddommarane oppnemd av førebuande dommar.

Beramming inneber i første rekkje å finne ein dato for når ankeforhandlinga skal begynne og bestemme i samarbeid med partane sine advokatar kor lang tid saka vil vare. Det må også bestemmast kvar saka skal gå. Kven som skal vera dommarar vert bestemt på eit seinere tidspunkt.

Mange saker fell bort relativt kort tid før ankeforhandlinga, og det er ei viktig oppgåve å sørgje for at det til ei kvar tid er tidsett så mange saker at det sikrar best mogeleg avvikling av sakene og utnytting av lagmannsretten sine ressursar.

Så snart beramming er avtala, sender avdelinga melding om dette til partane.

Vitner og meddommarar får varsel om beramminga om lag 4 – 5 veker før ankeforhandling. Til vanleg kaller advokatane inn sine eigne vitner.

 

 

 

Ankeforhandling 

Det er den lagmannen som er avdelingsleiar som utpeiker dommarar til ankeforhandlinga i kvar einskild sak. Utgangspunktet er at fordelinga på dei einskilde dommarane i størst mogeleg utstrekning skal vera tilfeldig og at arbeidsbelastinga, særleg når det gjeld å utarbeide domsutkast, vert jevnt fordelt mellom dommarane.