Bokmål Nynorsk
Nettstadskart Kva er Domstol.no?
Alvorlige straffesaker kan ikke avvikles i provisoriske lokaler som verken tar hensyn til arbeidssituasjonen og sikkerheten for ansatte i domstolen, eller den verdighet som tiltalte, fornærmede og vitner har krav på. Dette skriver Domstoladministrasjonen til Justisdepartementet med kopi til Justiskomitéen.
Retningsliner for behandling av sivile ankesaker i Gulating lagmannsrett
I Ankebehandling
Behandlinga i lagmannsretten er ei ankebehandling og ikkje ei oppattaking av behandlinga i førsteinstansen. Saksførebuinga og ankeforhandlinga skal derfor konsentrerast om første-instansen si avgjerd og ankegrunnane.
II Anke og anketilsvar
Rettslege og faktiske partsutsegner skal i hovudsak vera avklåra og koma presist fram i anken og tilsvaret.
I barnevernsaker må det i anken visast til det eller dei samtykkealternativa i sosialtenestelova § 9-10a andre ledd som vert gjort gjeldande. Det må i anken og i anketilsvaret gis dei opp-lysningane og den utgreiinga som er nødvendig for at lagmannsretten skal kunna avgjera om samtykke til anke skal gis, heilt eller delvis.
III Mekling
Prosessfullmektigane må vurdera om saka egnar seg for rettsmekling. Også lagmannsretten vil vurdera å ta initiativ til rettsmekling, og til mekling i medhald av barnelova § 61 første ledd nr 1. Tilhøvet til rettshjelpsdekning må avklarast før meklinga.
IV Saksførebuing - aktiv saksstyring
4.1 Føremålet
Saksførebuinga skal avklara tvistepunkta i saka, partane sine utsegner og bevisa, i den grad det er nødvendig i tillegg til det som kjem fram av anken og anketilsvaret. Saksførebuinga skal gjera det mogeleg å få til ei effektiv ankeforhandling innan rimeleg tid, og skal kon-sentrerast om dei spørsmåla som er omtvista mellom partane og relevante for avgjerda.
4.2 Plikt til å avklara tvistetemaene.
Prosessfullmektigane skal seg imellom avklara saka sine tvistetema. Saksførebuande dommar skal sjå til at saka vert avgrensa til det ho gjeld, og foreta ei aktiv saksstyring med sikte på konsentrasjon av saka si faktiske og rettslege side.
4.3 Beramming. Prioriterte saker
Straks etter at lagmannsretten har tatt mot saka, vil prosessfullmektigane bli kontakta om beramming. Lagmannsretten vil deretter fastsetja tid, varigheit og stad for ankeforhandlinga.
Saker etter lov om psykisk helsevern, barnevernlova, barnelova og i stillingsvernsaker vert prioriteret når det gjeld beramming i høve til andre saker.
4.4 Prosesskrift. Utgreiingar
Prosesskrift skal vera kortfatta og konsentrerast om partane sine utsegner, bevisoppgåver, rettslege krav og svar på dei spørsmåla retten stiller under saksførebuinga. Dei skal ikkje innehalda saksutgreiingar og argumentasjon.
Dersom saksfremstillinga i tingretten sin dom ikkje kan leggjast til grunn, vil det bli vurdert å gi pålegg om å utarbeida ei utgreiing etter tvistemålslova § 374 tredje ledd.
I saker der begge partane har prosessfullmektig, skal prosesskrift sendast direkte til motparten med kopi til lagmannsretten i eitt eksemplar. Utan nærare melding frå retten, skal prosess-fullmektigane svara på motparten sitt prosesskrift innan to veker. Det vert normalt sett ein konkret tidsfrist for å etterkoma provokasjonar.
4.5 Krav om fagkyndige meddommarar
Når det blir sett fram krav om at retten vert sett med fagkyndige meddommarar, bør det setjast fram forslag om slike, helst som eit omforent framlegg frå partane eller framlegg frå eìn av partane.
4.6 Innlegg etter tvistemålslova § 375
Frist for innlegg etter tvistemålslova § 375 vil bli sett. Paragraf 375 - brevet skal besvarast og bevisoppgåva sendast inn, jmf punkt 4.7.
4.7 Bevisoppgåva
Bevisoppgåva skal gi ei fullstendig oversikt over vitne og sakkunnige som ein part ønskjer å føra for retten, med opplysningar om tittel, adresse og telefonnummer. Oppgåva skal òg opp-lysa om nye skriftlege bevis. Det skal kort nevnast det/dei tema vitna skal forklara seg om. Det skal òg opplysast om det er aktuelt å få forklaring(ar) pr telefon.
4.8 Planleggjingsmøte
I omfattande saker, og kor det elles er trong for det, bør det haldast eit planleggjingsmøte. Møtet kan haldast på retten sitt kontor eller som telefonkonferanse og skal varslast i rimeleg tid.
4.9 Faktisk utdrag
Ankande part vil innan ein nærare frist bli pålagt å utarbeida utdrag som skal innehalda retts-dokumenta og dei skriftlege bevisa. Utdraget skal ikkje innehalda meir materiale enn det er aktuelt å visa til.
4.10 Juridisk utdrag
Det kan utarbeidast juridisk utdrag, kor lovtekstar, lovforarbeid, rettspraksis og teori vert tatt inn. Utdraget skal ikkje inneholda meir rettsstoff enn det er aktuelt å visa til. Prosessfull-mektigane bør samarbeida om å laga det juridiske utdraget.
4.11 Krav om tidsplan
Prosessfullmektigane skal utarbeida framlegg til tidsplan for gjennomføringa av anke-forhandlinga innan avsett tid. Det er ein føresetnad at prosessfullmektigane samarbeider om dette. Framlegget skal vera retten i hende to veker før ankeforhandlinga.
V ANKEFORHANDLINGA
5.1 Innleiingsføredraget. Bevisføringa
Dommarane kjenner til den dommen som er anka, ankefråsegna, anketilsvaret og dei prosess-skrifta som følgjer etter dette.
Innleiingsføredraget skal innehalda ein presentasjon av tvistetemaet, partane sine utsegner, og ankegrunnane. Det skal vera konsentrert og poengtert, og avgrensa seg til å omfatta saka sitt faktum i hovudtrekk. Bevisføringa skal presenterast, men innholdet skal ikkje forskutterast. Skriftlege bevis om tvistetema bør dokumenterast i innleiingsføredraget eller i samband med avhør. Dokumentbevis skal førast ved at det vert identifisert og det som er viktig påpekes. Saka si rettslege ramme skal gis, men ikke prosederast i innleiingsføredraget.
5.2 Skriftleg sluttinnlegg. Hjelpedokument
Ved byrgjinga av ankeforhandlinga skal det leggjast fram eit skriftleg sluttinnlegg. Det skal utformast i tråd med tvistelova § 9-10 andre ledd (omtalt i Ot.prp.nr 51, side 395-396), og stikkordsmessig innehalda:
- påstandsgrunnlag (dei aktuelle rettsfakta)
- rettsreglar som vil verta påberopte
- påstand.
Dersom det i saker av noko omfang vert lagt fram disposisjon for innleiingsføredraget, kan sluttinnlegget innarbeidast som del av denne, men det må koma klart fram.
Hjelpedokument ( t.d. oppstillingar, tidsliner) bør nyttast for å letta oversikten over saks-tilhøvet. Hjelpedokument skal varslast, eventuelt presentarast, for motparten på førehand.
Prosessfullmektigane kan nytta eigne tekniske hjelpemiddel , t.d. prosjektorar, lysark..
5.3 Avskjering av vidare forhandling
Retten vil vurdera å avskjera vidare forhandling der vilkåra for dette er til stades etter tviste-målslova § 378. Slik avskjering kan begrensast til delar av ankegjenstanden og til bestemte ankegrunner.
5.4 Avhør. Bevisføring
Avhør av partar, vitne og sakkunnige skal vere førebudde og konsentrast om saka sine tviste-punkt. Avhør skal ikkje ha preg av samtale mellom prosessfullmektigen og den som blir avhørt.
Prosessfullmektigane skal avgrensa bevisføringa i lys av saka si art og tvistetema. Bevisføring om uomtvista faktiske forhold skal ikkje finna stad.
5.5 Prosedyren
Prosedyren skal innehalda ei oppsummering av faktum i saka og partane sine utsegner. I større saker bør utarbeidast disposisjon. Gjennomgang av skrifteleg bevismateriale skal avgrensast. Det må ikkje leggjast fram nytt bevismateriale.
5.6 Replikk og duplikk
Replikk skal avgrensast til ein kommentar til motparten sin prosedyre, og ikkje vera eit framhald av eigen prosedyre. Duplikk skal avgrensast til ein kommentar til motparten sin replikk.
5.7 Omkostnings- / salæroppgåve
Omkostningsoppgåva skal som hovudregel leggjast fram for retten, med kopi til motparten, i samband med prosedyren, slik at prosessfullmektigane skal ha høve til å koma med merknader med ein gong. Alternativt skal opplysast storleiken på salæret.
5.8 Avseiing av dom
Ved avslutningen av ankeforhandlinga skal retten opplysast om når partane kan forventa det ligg føre dom. Dersom dom ikkje er avsagt innan det forventa tidspunktet, vil prosess-fullmektigane bli varsla.
5.9 Iverksetjing
Retningslinene skal gjelda frå 1. mars 2006.
----------------------
Gulating lagmannsrett, 1. februar 2006
Rune Fjeld
førstelagmann