Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 06-07
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Organisasjon og leiing / Ny karakterskala og sensur / Erfaringar ved NTNU /

Erfaringar med bruk av A-F-karakterskala ved NTNU

NTNU er kanskje den institusjonen som har mest erfaring med dette i Norge.
Frå 1. september 2001 innførte dei følgjande skala:

Symbol Betegnelse Generell beskrivelse av
vurderingskriterier
A Fremragende

Høyt kunnskapsnivå. God analytisk evne. Kan bruke kunnskapen selvstendig.

B Meget god God oversikt over kunnskapsfeltet. Kan
bruke kunnskapen selvstendig.
C God Kan gjøre greie for de viktigste elementene i fagfeltet. Kan til en viss grad brukekunnskapen selvstendig.
D Brukbar Oversikt over de viktigste
kunnskapselementene mangler. Kan ikke bruke kunnskapen selvstendig.
E Tilstrekkelig Tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer. Kan ikke bruke kunnskapen selvstendig.
F Ikke bestått Mangler både detaljkunnskap
og oversikt.

Hovedgrunnen for å gå over til ein ny karakterskala, var at NTNU ønska å harmonisere måten å sette karakterar på og få ein einsarta skala felles for heile universitetet. Dessuten ønskte NTNU å bruke ein karakterskala som er lettare å forstå i utlandet.

NTNU har brukt ein konverteringsskala for å "oversette" frå gamal karakterskala. Dette har dei i ettertid fråråda andre å gjere. Ved Høgskulen i Volda oppmodar vi i staden alle fagtilsette om å drive "skyggereiknskap" i vårsemesteret 2002 for å kome fram til fornuftige karaktergivingar med bokstavkarakterar.

Les meir om NTNU sine løysingar her: http://www.ntnu.no/studieavd/karakterskala.html

Mange stiller spørsmål om korleis ein skal kunne slå saman karakterar ut fra ein bokstavskala. Ein enkel leveregel som ser ut til å fungere andre stader er å vekte karakterane slik: A=5, B=4, C=3 og så bortetter. Karakterane blir slik "runda oppover", ein risikerer i mindre grad at studentar som er på vippen mellom to karakterar blir trukke ned ein heil bokstav.

Svar på andre spørsmål om bruk av bokstavkarakterar ved NTNU finn du her:
http://www.ntnu.no/studieavd/karakter-faq.html



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Leiinga ved Høgskulen i Volda 23.05.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning