Gå rett til innhold
 
Utskriftsvennlig side

Biverknadsrapportering frå farmasøytar

(14.12.2005)

Statens lækjemiddelverk har sidan 1. januar 2005 oppmoda apotekfarmasøytar om å rapportera biverknader. Lækjemiddelverket ønskjer gjennom dette å styrkja biverknadsovervakinga ved å auka talet på meldingar om preparatgrupper ein tidligare har fått lite informasjon om.

Apotekfarmasøytar kan rapportera alle typar biverknader, men er særleg oppmoda om å melda biverknader av ikkje-reseptbelagte lækjemiddel, natur(lækje)middel og homøopatmiddel, samt hendingar som oppstår ved likeverdig bytte av lækjemiddel.

Vi har utarbeidd eit informasjonshefte om biverknadsrapportering frå farmasøytar. Her beskriv vi kort hensikten med rapporteringssystemet, kva for biverknader det er særlig viktige å melda og korleis ein i praksis melder ein biverknad.

Spørsmål om biverknadsrapportering kan rettast til det regionale lækjemiddelinformasjonssenteret, RELIS, i helseregionen din, eller til seksjon for lækjemiddelovervaking ved Statens lækjemiddelverk.

Pernille Harg, forskar
Seksjon for lækjemiddelovervåking.

 

Sjå også


Tips en venn om denne siden